Vestfold fylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vestfold fylke
Våpen Kart
Adm.senter Tønsberg
Areal 2 224 km²
Folkemengd 238 748 (1. januar 2013)
Folketettleik 110,7 /km²
Nettstad www.vfk.no
Politikk
Fylkesordførar Per-Eivind Johansen, H (2007-)
Fylkesmann Erling Lae
Målform Bokmål
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling Vestfold fylke.svg
Vestfold fylke på Commons

Vestfold er eitt av 19 fylke i Noreg, som grensar i nord og nordvest til Buskerud og i vest til Telemark. Fylket er det nest minste i Noreg sett i høve flatevidd, og er det fylket med den tredje høgaste folketettleiken i landet. Den største byen i fylket er Sandefjord, og sete for fylkesmannen og fylkestinget ligg i Tønsberg.

Fylkesvåpenet er teikna av Hallvard Trætteberg og blei godkjent ved kongeleg resolusjon 30. januar 1970. Motivet er på raud grunn ei gull kongekrone, som skal vise til sambandet fylket har til kongeætta. Fylkesblomen til Vestfold er bøk og fylkessteinen er larvikitt.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Vestfold har eit rikt dyre- og planteliv grunna tilhøva attmed Oslofjorden. I Vestfold er det 110 område og objekt som er verna etter naturvernloven. Områda utgjer tilsaman om lag 1,5 prosent av det totale arealet i fylket. [2] Over halvparten av Vestfold er dekt av skog. Vestfold har ein øyrik skjergard med over 500 store og småe øyar.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Vestfold har enkle terrengtilhøve og liten utstrekning og det gjer klimaet einsarta.

Den rådande vinden er nordaustleg om vinteren, og sørvestleg om sommaren. Den sommarlege sjøvinden kan verte ganske sterk og ofte nå kuling styrke i ytre strøk. Februar er den kaldaste månaden i heile fylket, og ved kysten er middeltemperatur kring –1 °C, medan han lengre inne i fylket går ned til kring –5 °C. For juli er middeltemperaturen 16–17 °C.

Årsnedbøren varierer frå kring 700 mm ytst på kysten til opp mot 1200 mm i indre strøk. Mest nedbør kjem det gjerne på ettersomaren, medan det er lite nedbør på våren og forsommaren. Om vinteren får typisk områda nær kysten meir snø enn område aust for Oslofjorden. Kysten har òg ein del tåke, mest om våren. Tåke er observert i kring 3-5 % av observasjonane.


Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Nr. Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd km² Målform
0701 Horten kommune Horten Horten 000000000026595.000000000026 595 000000000000070.000000000070 Bokmål
0702 Holmestrand kommune Holmestrand Holmestrand 000000000010350.000000000010 350 000000000000086.000000000086 Bokmål
0704 Tønsberg kommune Tønsberg Tønsberg 000000000041239.000000000041 239 000000000000107.0000000000107 Bokmål
0706 Sandefjord kommune Sandefjord Sandefjord 000000000044629.000000000044 629 000000000000121.0000000000121 Bokmål
0709 Larvik kommune Larvik Larvik 000000000043132.000000000043 132 000000000000535.0000000000535 Bokmål
0711 Svelvik kommune Svelvik Svelvik 000000000006570.00000000006 570 000000000000058.000000000058 Bokmål
0713 Sande kommune Sande Sande 000000000008835.00000000008 835 000000000000178.0000000000178 Bokmål
0714 Hof kommune Hof Hof 000000000003060.00000000003 060 000000000000163.0000000000163 Bokmål
0716 Re kommune Re Revetal 000000000008994.00000000008 994 000000000000225.0000000000225 Bokmål
0719 Andebu kommune Andebu Andebu 000000000005546.00000000005 546 000000000000186.0000000000186 Bokmål
0720 Stokke kommune Stokke Stokke 000000000011398.000000000011 398 000000000000118.0000000000118 Bokmål
0722 Nøtterøy kommune Nøtterøy Borgheim 000000000021100.000000000021 100 000000000000061.000000000061 Bokmål
0723 Tjøme kommune Tjøme Tjøme 000000000004865.00000000004 865 000000000000039.000000000039 Bokmål
0728 Lardal kommune Lardal Svarstad 000000000002435.00000000002 435 000000000000278.0000000000278 Bokmål
Totalt Vestfold våpen.svg Vestfold Tønsberg 000000000238748.0000000000238 748 000000000002224.00000000002 224 Bokmål

Administrative inndelingar[endre | endre wikiteksten]

Noverande inndelingar[endre | endre wikiteksten]

Regionråd[endre | endre wikiteksten]

Regionråd

Vestfold består av regionråda

  • ██  Drammen - Sande og Svelvik kommunar
  • ██  Vestfold - Andebu, Hof, Holmestrand, Horten, Lardal, Larvik, Nøtterøy, Re, Sandefjord, Stokke, Tjøme og Tønsberg kommunar

Vestfold fylkeskommune hadde regionrådssamarbeid på fylkesnivå med Buskerud og Telemark fram til årsskiftet 2007/08.

Næringsregionar[endre | endre wikiteksten]

Næringsregionar

Vestfold består av næringsregionane

  • Drammen ██  - Sande og Svelvik kommunar.
  • ██  Vestfold - Andebu, Hof, Holmestrand, Horten, Nøtterøy, Re, Stokke, Tjøme og Tønsberg kommunar.
  • ██  Larvik - Lardal, Larvik og Sandefjord kommunar.

Prosti[endre | endre wikiteksten]

Prosti

Prostia i Vestfold ligg under Tunsberg bispedømme i Den norske kyrkja:

  • ██  Nord-Jarlsberg - Hof, Holmestrand, Horten, Re, Sande og Svelvik kommunar
  • ██  Tønsberg - Nøtterøy, Stokke, Tjøme og Tønsberg kommunar
  • ██  Sandefjord - Andebu og Sandefjord kommunar
  • ██  Larvik - Lardal og Larvik kommunar

Tingrett[endre | endre wikiteksten]

Tingrettar

Tingrettane i Vestfold ligg under Agder lagdømme:

  • ██  Drammen - Sande og Svelvik kommunar
  • ██  Nordre Vestfold - Hof, Holmestrand, Horten og Re kommunar
  • ██  Tønsberg - Andebu, Nøtterøy, Stokke, Tjøme og Tønsberg kommunar
  • ██  Sandefjord - Sandefjord kommune
  • ██  Larvik - Lardal og Larvik kommunar

Politidistrikta[endre | endre wikiteksten]

Politidistrikta

Vestfold fylke har to politidistrikt

  • ██  Søndre Buskerud - Sande og Svelvik kommunar
  • ██  Vestfold - Andebu, Hof, Holmestrand, Horten, Lardal, Larvik, Nøtterøy, Re, Sandefjord, Stokke, Tjøme og Tønsberg kommunar

Helsedistrikter[endre | endre wikiteksten]

Heile Vestfold fylke er ein del av helsedistriktet Helse Vestfold som igjen er ein del av Helseregion Sør-Aust.

Vegdistrikt[endre | endre wikiteksten]

Heile Vestfold fylke er ein del av Vestfold vegdistrikt, som er ein del av Vegregion Sør.

Tidlegare inndelingar[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare futedøme (fogderi)[endre | endre wikiteksten]

Futedøme (Fogderi)

Tidlegare futedøme

  • ██  Jarlsberg

Andebu, Hof, Holmestrand, Horten, Nøtterøy, Re, Sande, Stokke, Svelvik, Tjøme og Tønsberg

  • ██  Larvik

Lardal, Larvik og Sandefjord

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Ved Stortingsvalet i 2009 vart fylgjande sju representantar vald inn på Vestfoldbenken i Stortinget for perioden 2009-2013:

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Til Østfold[endre | endre wikiteksten]

Frå Tønsberg kan ein kome seg over Oslofjorden til Østfold på 35 min. Flybåten går nemleg frå Tønsberg kai til Fredrikstad (Engelsviken).

Ein kan ogso ta Bastø-Fosen frå Horten til Moss som går kvar halvtime 18 timar i døgnet, og er Noregs mest traffikerte ferjesamband.

Landbruk[endre | endre wikiteksten]

Av Vestfolds totalreal er tjue prosent jordbruksareal, som det høgaste talet i Noreg. Landbruket i Vestfold skapar kvart år verdiar for over ein miliard kronar.

Nesten samtlege erter som vert dyrka i Noreg kjem frå Vestfold, medan femten prosent av dei norske jordbæra vert dyrka i dette fylket. Ti prosent av Noregs morellar vert modna i Vestfold.

23 prosent av alt norsk matkorn vert produsert i Vestfold, medan 23 prosent av Noregs grønsaker og tretti prosent av landets økologiske grønsaker vert produsert i det same fylket.

Potetar, grønsaker, frukt og bær dekkjer berre åtte prosent av fylkets arealar, men utgjer meir enn halvparten av samla fyrstehandsverdi av planteproduksjonen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historisk er Vestfold særleg kjend for ei stor mengd gravrøyser frå bronsealderen, viktige funn av vikingskip, og for det første bysamfunnet i Noreg, Kaupang i Tjølling, aust for Larvik. Fylket har òg ein av dei eldste noverande byane i landet, Tønsberg. I nyare historie har særleg skipsfart og kvalfangst i Sørishavet vore viktig.

Vikingtida[endre | endre wikiteksten]

800-talet var det seinare norske riksområdet samansett av om lag 30 smårike. Vestfold utgjorde då, saman med Lier og Eiker i Buskerud, eit eige kongedøme, og lokale høvdingar hadde etablert eit dynasti som seinare kunne samle Noreg til eitt rike. Familien til Harald Hårfagre, den første kongen i Noreg, kom i frå Vestfold.

Nyare historisk forsking sår tvil om dette, og meiner riket til Harald Hårfagre hadde basis på Vestlandet. Ein stiller spørsmål om ikkje småkongane i Vestfold og resten av Viken, i langt større grad enn Snorre gjev inntrykk av, var vasallar under den danske kongen. Dei frankiske riksannalane frå 813 opplyser at to danske kongar, Harald og Reginfred, søner av kong Godfred av Danmark, drog med hæren sin ad Westarfoldam til Vestfold for å slå ned eit opprør. Vestfold er skildra som plassert i den nordvestlegaste delen av riket deira.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Vertikale strekar markerer grenseendringar. Kjelde: SSB
  2. Vestfoldstatistikk
  3. http://arkeologi.blogspot.com/2006/11/mellom-danmark-og-normanna-land.html

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Historie og kultur[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Edit-find-replace.svg Ikkje omsett: Denne artikkelen er ikkje ferdig omsett frå bokmål enno. Hjelp oss gjerne med å gjera omsetjinga ferdig!