Per Spook

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Per Spook (fødd 2. juli 1939 i Oslo) er ein norsk moteskapar og klesdesignar som arbeider i Paris i Frankrike.

I 1959 tok Spook diplomeksamen ved motelinja på Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo. Seinare blei han student ved L’Ècole da la Chambre de la couture parisienne i Paris, og i 1960 blei han lærling hos Christian Dior.

I 1977 opna han sitt motehus i Paris, og året etter vart han tildelt Gullsynålen for største kreativitet for sin haust/vinterkolleksjon 1978-1979. Denne kolleksjonen fekk han òg Gullfingerbølet for. I 1995 stengte han motehuset i Paris.

Per Spook arbeider framleis som designar og kreerer kvart år Prêt-à-porter under sitt eige namn i Japan.

Spook er kjent for sin kjærleik for svart/kvitt. Utstillingane hans ber ofte preg av tema som grafiske mønster og inspirasjon frå nordisk natur og klima. I 2003 mottok han St. Olavs Orden. Han vart heidra med norsk motebransjes ærespris i 2005.Mal:Biografistubb