Elvemusling
| Elvemusling | ||
| Systematikk | ||
| Rekkje: | Mollusca | |
| Klasse: | Bivalvia | |
| Orden: | Unionoida | |
| Familie: | Margaritaferidae | |
| Slekt: | Margaritafera | |
| Art: | M. margaritafera | |
| Vitskapleg namn | ||
| Margaritafera margaritafera | ||
Elvemusling eller elveperlemusling (Margaritafera margaritafera) er ein ferskvasslevande musling som finst i temperert, rennande vatn på den nordlege halvkula. Arten er truga av utrydjing, hovudsakeleg på grunn av forsuring av vassdrag. I tidlegare tider var han òg ein viktig ressurs som produsent av perler.
Elvemuslingen heldt til i lavlandet i elvar med stille til middels straum. Dei finst på dei fleste typar substrat, og lever av mikroorganismar dei filtrerar or vatnet med gjellene sine. Larvane lever parasittisk i gjellene til laks eller aure.
Bestanden i Noreg er mellom dei sterkare i verda, men han er likevel rekna som sårbar av norsk raudliste. Særleg sør for Dovre er bestanden på veg ned; mykje fordi det ikkje foregår formeiring i nokon særleg grad. Dette kan ha fleire årsakar, mellom anna endringar i vertsdyrbestandane eller at dei individa som finst er over formeiringsdyktig alder.
Elvemuslingen kan bli fleire hundre år gamal.
[endre] Bakgrunnsstoff