Perrong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Perrongane på Bergen stasjon. Denne stasjonen er den einaste i landet der det framleis er toghall, altså tak over både toga og perrongane.
Ei forstadsbanevogn ved perrongen på Nationaltheatret stasjon, «Undergrunnen», i Oslo, fotografert i 1928.
Det er høgt opp til inngangsdøra på eit moderne tog.

Perrong, òg kalla plattform, er den oppbygde innretninga langsetter sporet på jarnbanestasjonar eller jarnbanehaldeplassar som er naudsynt for at folk skal kunne kome seg lett av og på toget. Hjula på jarnbanevogner er så store at golvet i vognene ligg høgt over sporet, og passasjerar og mannskap ville difor ikkje lett kunne stige av og på toget om dette skulle gjerast utan ein perrong langsetter sporet. Ofte er høgdeskilnaden så stor at det trengst både perrongar og trappar inne i vognene.

Perrongar vert òg nytta på stasjonar for godstog for å kunne køyre rett inn på godsvogner personbilar eller andre køyretøy som skal fraktast.

Ordsoge og ordbruk[endre | endre wikiteksten]

Ordet «perrong» kjem frå fransk, der det vert skrive perron og kjem frå eit gamalt ord for steinblokk, perrun. Men på fransk vert ikkje ordet «perron» nytta i samband med jarnbane i det heile, men som nemninga for ei lita utvendig steintrapp med ei platting framfor hovudinngangsdøra til eit hus eller til eit monument. Perrong eller plattform på jarnbanestasjonar vert kalla quai, altså det same ordet som vert nytta om både ei kai i ei hamn, og om ei støttemur for terrenget langsetter breidda av ein kanal eller ei elv, der det gjerne går ei gate eller ein veg oppå, slik som til dømes fleire stader langs elva Seinen i Paris.[1]

engelsk vert òg det franske ordet perron berre nytta om ei utvendig steintrapp framfor ei inngangsdør til eit hus, ikkje som nemning på perrongar på jarnbanestasjonar, som her vert kalla platform. Men ordet platform har òg opphav i fransk, vanlegvis skrive plate-form, samansett av plat, som tyder 'flat', og forme, som i denne samanhangen tyder 'form', 'skapnad'. Til liks med bruken av ordet plattform på norsk, har orda for plattform i engelsk og fransk òg mange tydingar. Men på fransk vert ordet plate-form nytta i jarnbanesamanhang berre om den flata på ei jarnbanestrekning som er gjort klar til at ballastpukken og skjenegangen kan verte lagt på plass, og i tidlegare tider dessutan om ein type flat, opa godsvogn.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Petit Robert : Dictionnaire de la langue française og The Collins English Dictionary.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Perrong