Pershagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°9′18.587″N 17°39′0.80280″E

Pershagen

Pershagen er ein svensk tettstad i Södertälje kommun i Stockholms län i landskapet Södermanland. I 2005 hadde tettstaden 2 214 innbyggjarar.

Pershagen blir stundom rekna for å vere ein bydel i den sørlege delen av Södertälje, men trass i nærleiken til byen er Pershagen ein eigen tettstad med sine drygt 2000 innbyggjarar.

Pershagen ligg ved vestbreidda av Hallsviken og er dominert av villabusetnad. På den andre sidan av Hallsviken ligg bydelen Östertälje. Der går òg den tidlegare hovudvegen mellom Stockholm og Malmö.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]