Peter Brager

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Peter Munch Brager (3. januar 180626. mars 1869) var ein norsk prest og stortingsmann.

Brager var frå Nordre Land i Oppland, der far hans dreiv landhandel. Han tok artium ved Drammen skole i 1825, og studerte deretter teologi ved universitetet i Kristiania. Cand. theol. vart han 1829, same året pers. kapellan i Finnås. År 1830 fungerte han som prest i Finnås, året derpå i Stord. Brager vart utnemnd til sokneprest i Lenvik i 1832. Han verka der i fem år, til han i 1837 flytta over til Ibestad prestegjeld i same prostiet.

1845 vart Brager innvald til stortinget som 1. representant for Finnmarkens amt. På tinget var han medlem av næringskomite nr. 1.

Etter femten år som sokneprest i Troms, fekk han i 1849 embete i Øyestad i Aust-Agder. Denne stillinga som sokneprest hadde han til han døydde. I Øyestad var han elles forlikskommissær.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914, Kristiania 1914