Peter Paul Rubens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Paul Rubens

Statsborgarskap Dei sørlege Nederlanda
Fødd 28. juni 1577
Siegen
Død

30. mai 1640 (62 år)
Antwerpen

Yrke diplomat, kunstmålar, grafikar, grafikar, bygningstegner, bilethoggar
Språk nederlandsk, tysk, italiensk, spansk
Medlem av Antwerpen Sankt Lukas Gilde
Religion katolisisme
Far Jan Rubens
Mor Maria Pypelinckx
Ektefelle Isabella Brant, Hélène Fourment
Peter Paul Rubens på Commons
Peter Paul Rubens - "Bortføringa av Leukippos døtrer" (1618-1620). Alte Pinakothek i München.

Den flamske målaren Peter Paul Rubens var si tids mest berømte nordeuropeiske kunstnar, og no er han ein av dei mest respekterte målarane i vestleg kunsthistorie.

Far hans vart forfølgd for den protestantiske, kalvinistiske overtydinga si, og etter hans død vart sonen jamvel oppdregen som katolikk. Denne konflikten kom til å prege kunsten hans.

Rubens sin kunst er prega av kjærleiken hans for monumentale former og dynamiske effektar. Mest kjem det fram i verka hans frå 1620-åra, mellom anna ein syklus beståande av 21 bilete over livet til Marie de Medici. I dag kan ein sjå desse bileta i Louvre i Paris.

Det siste tiåret av livet hans vende han seg mot portrett og landskap. Verka hans var ikkje lenger så dramatiske, men dei atterspegla den meisterlege kontrollen av detaljar og tekniske ferdigheiter.