Peter Snell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Snell

Statsborgarskap New Zealand
Fødd 17. desember 1938
Opunake
Død

12. desember 2019 (80 år)
Dallas

Yrke mellomdistanseløpar, friidrettsutøvar
Språk engelsk
Høgd 179 centimeter
Peter Snell på Commons
Statue av Snell, reist i fødebyen Opunake i 2007

Peter Snell (fødd 17. desember 1938) er ein nyzealandsk tidlegare friidrettsutøvar og medisinar. Han vann OL-gull både 800 meter i 1960 og 1964, i 1964 vann han gullmedaljen også på 1500 meter.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Snell høyrde ikkje til favorittsjiktet før sommar-OL 1960 i Roma. Ei heller etter han i forsøksløpa vann sitt heat på 1.48,1, ny landsrekord. Derimot imponerte han i semifinalane, der han i sitt heat forbetra landsrekorden til 1.47,2 og viste verdsrekordhaldaren Roger Moens til andreplass. Dei same to utøvarane kjempa i fyrste rekke om gullmedaljen i finalen, og atter slo Snell Moens med to tidels sekund; 1.46,3 mot 1.46,5.

Den 3. februar 1962 forbetra Snell verdsrekorden på 800 meter med over eitt sekund til 1.44,3 under eit stemne i Christchurch. Seint på året 1962 vann han i Perth begge mellomdistansane i samveldeleikane.

Framom dei olympiske sommarleikane i Tokyo i oktober 1964 forbetra Snell den personlege rekorden på 1500 m til 3.37,6, ei tid i ypparste verdsklasse. I Tokyo vann så Snell gullmedaljen på fyrst 800 meter, og fem dagar seinare, 1500 m, ein dobbelttriumf ingen hadde greidd på 40 år.

Snell la opp som friidrettsutøvar i 1965. Han utvandra til USA i 1971 og utdanna seg til idrettsmedisinar, busette seg etterkvart i delstaten Texas.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]