Christchurch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Christchurch (fleirtyding).
Christchurch
Andre namn Ōtautahi (maori)
Satellittbilde av Christchurch frå NASA.
Satellittbilde av Christchurch frå NASA.
Byvåpenet til Christchurch
Byvåpenet til Christchurch

Kallenamn
«The Garden City («Hagebyen»)'»
Styresmakter
Land
Region
New Zealand New Zealand
Canterbury
Grunnlagt av Storbritannia 1848
Mayor Bob Parker
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Urbant

1426 km²
452 km²
Innbyggjarar
 - By (2009)
   - folketettleik

372 600[1]
  261,3/km² (urbant 854,2/km²)/km²
Koordinatar 43°31′48″S 172°37′13″EKoordinatar: 43°31′48″S 172°37′13″E
Høgd over havet 0-920 m
Tidssone
- Ved sommartid
UTC+12 (UTC)
UTC+13 (UTC)
Lokale iwiar: Ngāi Tahu, Ngāti Mamoe
Diverse anna
Nettstad: www.ccc.govt.nz
Plassering
Christchurch is located in New Zealand

Christchurch (maori Ōtautahi) er den største byen på SørøyaNew Zealand, og det nest største urbane området i landet. Byen ligg i regionen Canterbury og er ein eigen City. Han ligg om lag ein tredjedel sørover langs austkysten av Sørøya, like nord for halvøya Banks Peninsula, som sjølv har lege innanfor grensene til Christchurch sidan 2006.

Byen vart gjeven namn av samskipnaden Canterbury Association, som starta busetjinga av den omliggjande provinsen Canterbury. Det vart semje om namnet Christchurch på det første møtet samskipnaden hadde, den 27. mars 1848, og han er oppkalla etter Christ Church i Oxford. Nokre tidlege skribentar har kalla byen Christ Church, men namnet vart nedteikna som Christchurch på dette første møtet.[2] Christchurch fekk status som City ved eit kongebrev av 31. juli 1856, og er med det offisielt den eldste byen på New Zealand.

Elva som renn midt gjennom byen - og der breiddene no for ein stor del dannar ein urban park - fekk namnet Avon etter ønske frå pionerbrørne Deans, til minne om den skotske Avon, som spring ut i Ayrshire nær garden til bestefar deira, og som renn ut i Clyde.[2]

Det vanlege maorinamnet på Christchurch er Ōtautahi ('staden til Tautahi'). Dette var opphavleg namnet på ein bestemt stad ved Avon, nær dagens Kilmore Street og den sentrale brannstasjonen. Staden var ein sesongtilhaldsstad for høvdingen i iwien Ngāi Tahu, Te Potiki Tautahi, som elles heldt til i Port Levy på Banks Peninsula. Namnet Ōtautahi kom i bruk på 1930-talet. Før den tid hadde Ngāi Tahu stort sett omtala Christchurch-området som Karaitiana,[3] ei omskriving av det engelske namnet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Arkeologiske funn i ei grotte ved Redcliffs i 1876 tyder på at området der Christchurch ligg først vart busett av moa-jegerstammar kring 1250. Ein meiner at desse første innbyggjarane vart etterfølgde av Waitaha-stammen, som skal ha flytta frå austkysten på Nordøya i det 16. hundreåret. Etter stammekrigar vart Waitaha fortrengt av Ngati Mamoe-stammen. Desse vart i sin tur underlagde Ngāi Tahu, som rådde over området fram til europearane kom dit.

Europeisk innvandring[endre | endre wikiteksten]

Etter at brørne Weller, kvalfangarar frå Otago og Sydney, kjøpte land ved Putaringamotu (våre dagars Riccarton), kom ei gruppe europeiske nybyggjarar under leiing av Herriott og McGillivray og slo seg ned i det som no er Christchurch tidleg i 1840. Dei vart ikkje verande lenge, og det fråflytta landet deira vart overteke av brørne Deans i 1843, og desse vart verande. Dei First Four Ships ('første fire skipa') var leigde av Canterbury Association og frakta dei første 792 av «Canterbury-pilegrimane» til Lyttelton Harbour. Desse seglskutene var «Randolph», «Charlotte-Jane», «Sir George Seymour» og «Cressy». «Charlotte-Jane» var det første skipet som nådde fram, den 16. desember 1850. Canterburypilgrimane hadde som mål å byggja ein by kring ein katedral og ein høgskule etter modell av Christ Church i Oxford.[4]

Kaptein Joseph Thomas, Canterbury Association sin sjefslandmålar, målte opp området kring busetnaden. I desember 1849 hadde han starta bygginga av ein veg frå Port Cooper, seinare Lyttelton, til Christchurch via Sumner.[5] No baud dette på større vanskar enn venta, og bygginga av vegen vart stansa, medan ein bratt gang- og pakkhest-veg vart bygd over åsen mellom hamna og Heathcote valley, slik at det vart tilgang til staden der den planlagde busetnaden skulle liggja. Denne stien vart kalla Bridle Path ('begselstien'), fordi han var så bratt at pakkhestane måtte leiast etter begslet.[6]

Den anglikanske katedralen vart bygd ferdig i 1904, og har seinare vore eit midtpunkt i byen. Foto frå 2006, tårnet vart øydelagt under jordskjelvet i 2011.

Gods som var for tungt eller for stort til å fraktast på hesteryggen over Bridle Path, vart skipa på små seglskuter om lag 13 km rundt kysten og opp elvemunningen til Ferrymead. Den første offentlege jarnvegslinja på New Zealand, Ferrymead railway, vart opna frå Ferrymead til Christchurch i 1863. På grunn av vanskane med transport over Port Hills og farane med skipsferdsel over Sumner-terskelen, vart det sprengt ein jarnvegstunell gjennom Port Hills til Lyttelton, han vart opna i 1867.[7]

Christchurch fekk altså status som by (City) i 1856, som den første på New Zealand. Mange av byen sine gotiske bygningar, teikna av arkitekten Benjamin Mountfort, skriv seg frå denne perioden.

Vegtunellen mellom Lyttelton og Christchurch vart opna i 1964.[8]

Porten til Antarktis[endre | endre wikiteksten]

Det amerikanske antarktiske senteret i Christchurch.

Christchurch har ein plass i soga om utforskinga av Antarktis – både Robert Falcon Scott og Ernest Shackleton brukte hamna i Lyttelton som ein utgangsstad for ekspedisjonane sine, og der er ein statue av Scott, laga av enkja hans, Kathleen Scott, sentralt i byen.

I byen tek Canterbury Museum vare på og viser fram mange historiske ting og forteljingar frå oppdaginga av Antarktis.

Christchurch International Airport gjer teneste som hovudbase for dei italienske og amerikanske antarktisprogramma så vel som det newzealandske programmet. Det internasjonale antarktiske senteret her utgjer både ein base for aktivitetane og har eit museum og informasjonssenter med fokus på dei noverande aktivitetane i Antarktis. Den amerikanske marinen, og seinare luftstyrken i den amerikanske nasjonalgarden, forsterka med luftstyrkar frå New Zealand og Australia, brukar Christchurch Airport som avgangsstad for den viktigaste forsyningsruta til McMurdo- og Scott-basane i Antarktis. Distribusjonssenteret i Christchurch, for klede til bruk under ekstremt kalde tilhøve, hadde utstyr til nesten 2000 deltakarar i det amerikanske Antarktisprogrammet i 2007-2008-sesongen, i alt meir enn 140 000 plagg.[9]

Jordskjelv 2010 – 2012[endre | endre wikiteksten]

Den anglikanske katedralen. Foto frå 2011, tårnet vart øydelagt under jordskjelvet i februar 2011.

Eit større jordskjelv med styrke 7,1 på Richters skala råka Chistchurch klokka 04:35 lokal tid, laurdag 4. september 2010. Episenteret låg kring 30 km nordvest for bysentrum, nær Darfield, 10 km djupt[10]. Trass i vidstrekte øydeleggingar var der ingen omkomne.

Eit nytt jordskjelv med styrke 6,3 på Richters skala og med episenter like nord for forstaden Lyttelton, 10 km søraust for sentrum og 5 km djupt, råka byen klokka 12:51 lokal tid tysdag 21. februar 2011, og førte til store skadar sentralt i byen. Det var omfattande skadar på vegnettet, på forsyninga av elektrisitet og vatn, og på kloakkanlegga. I løpet av første seks og ein halv time etter hovudskjelvet vart det i alt registrert 25 etterskjelv med styrke mellom 5,7 og 3,4[11]. Etterskjelva heldt fram i månadane etter[12]. I alt døydde 184 personar som følgje av skjelvet, og ei rekkje bygningar raste saman eller måtte rivast. Ein del av sentrumsområdet i Christchurch har vore avsperra etter dette skjelvet[13].

Den kollapsa Pyne Gould Building. Tretti av dei to hundre arbeidarane i bygningen vart innestengde etter jordskjelvet i februar 2011[14].

Sjølv om dette skjelvet hadde lågare momentmagnitude enn det førre, vart intensiteten og styrken til skjelvinga i jorda målt til å vera IX på den modifiserte Mercalliskalaen (MMI), mellom det sterkaste som nokon gong er målt globalt i eit urbant område[15]. Skjelvet kom etter middag på ein travel vekedag med mange menneske på arbeid og i sentrum, og resulterte altså i at 184 menneske omkom[16]. Dette skjelvet førte til den første unntakstilstanden på New Zealand. Mange bygningar og landemerke vart sterkt skada, mellom desse den ikoniske Shag Rock og Christchurch Cathedral.

Den 13. juni 2011 vart Christchurch på nytt råka av to sterke etterskjelv. Det første med styrke 5,6 og 9 km djupt, kom klokka 13:00 i området ved Sumner. Dette vart følgt av eit anna med styrke 6,3, 6 km djupt klokka 14:20, også ved Sumner. Dette medførte meir likvifaksjon og bygningsskadar, men ingen fleire liv gjekk med[17].

Det kom fleire jordskjelv den 23. desember 2011. Det første, med styrke 5,8, 26 km nordaust for byen, 4,7 km djupt, klokka 13:58, følgd av fleire etterskjelv og eit nytt skjelv med styrke 6,0 og same lokalisering 80 minuttar seinare, og ei rekkje etterskjelv kom det første døgnet[18][19]. Ambulansetenesta St John Ambulance rapporterte etter dei to skjelva at det var mindre skadar på hus og forretningar, men ingen alvorlege personskadar og få indikasjonar på at bygningar var i ferd med å kollapsa[20]. Christchurch International Airport var stengd ei kort tid. Der var brot på tilførslene av vatn og straum i New Brighton og større skadar i Parklandsområdet, både på vegar og gangstiar.

Christchurch fekk nye jordskjelv natta til 2. januar 2012, det første, som kom klokka 01:27, hadde styrke 5,1. Det vart følgt fem minuttar seinare av eit etterskjelv med styrke 4,2. Det andre, og noko sterkare skjelvet kom klokka 05:45 og hadde styrke 5,5. Skjelva førte til straumbrot i dei austlege forstadane Parklands, New Brighton, Shirley, Dallington, Burwood, Spencerville og Richmond, og om lag 10 000 heimar vart råka. [21].

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Satellittfoto av Christchurch og Banks Peninsula (frå NASA Landsat 2001).

Christchurch ligg i Canterbury, på austkysten av Sørøya, aust for Canterbury Plains. Byen ligg nær den sørlege enden av bukta Pegasus Bay, og grensar i aust til Stillehavskysten og estuaret til elvene Avon og Heathcote River. Mot sør og søraust grensar den urbane delen av byen til dei vulkanske liene Port Hills som skil han frå Banks Peninsula. I 2006 vart Banks Peninsula innlemma i byen, og landarealet til Christchurch vart dermed tredobla[22], medan folketalet berre auka med kring 8 000. Mot nord grensar byen til den forgreina elva Waimakariri River.

Christchurch er ein av berre åtte byar i verda som har ein nesten nøyaktig antipodeby. Halvparten av desse antipodepara ligg på New Zealand og i Spania/Marokko – med A Coruña i Spania som antipoden til Christchurch.

Christchurch si vassforsyning har vorte rangert som ei av dei med best kvalitet i verda[23]. Ubehandla, naturleg filtrert vatn vert ført til byen via meir enn 50 pumpestasjonar kring byen, frå oppkommer som ligg ved foten av Søralpane[24].

Sentrale bydel[endre | endre wikiteksten]

Sentralt i bykjernen ligg Cathedral Square, som omkransar domkyrkja, Christ Church. Utanfor denne plassen, og innanfor «dei fire avenyane» i Christchurch (Bealey Avenue, Fitzgerald Avenue, Moorhouse Avenue og Deans Avenue[25]) ligg det sentrale forretningsstrøket i byen. Den sentrale bydelen har også ei rekkje friluftsområde.

Cathedral Square er ein populær møteplass med ulike attraksjonar som til dømes speaker's corner. Sentralt i byen ligg òg gågata Cashel Street som er ei viktig handlegate i Christchurch. I enden av denne gata ligg Bridge Of Remembrance ('minnebrua), i den andre enden staden til det tidlegare amfiteateret som var kjent som Hack Circle.

Området Cultural Precinct gir eit bakteppe til ei pulserande scene av stadig skiftande kunstartar, kultur og arv, innanfor eit område på mindre enn éin km². Christchurch kunstsenter, Canterbury Museum og Christchurch kunstgalleri ligg alle i Cultural Precinct. Storparten av aktivitetane er gratis, og der finst eit utskriftsvenleg kart over området[26].

Indre forstadar[endre | endre wikiteksten]

(med klokka og start nord for bysentrum)

Mairehau, Shirley, Dallington, Richmond, Avonside, Linwood, Woolston, Opawa, Waltham, St Martins, Beckenham, Sydenham, Somerfield, Spreydon, Addington, Riccarton, Ilam, Burnside, Fendalton, Bryndwr, Strowan, Merivale, Papanui, St Albans

Ytre forstadar[endre | endre wikiteksten]

(med klokka og start nord for bysentrum)

Marshland, Burwood, Parklands, Waimairi Beach, Avondale, New Brighton, Bexley, Aranui,South Brighton, Southshore, Bromley, Mt Pleasant, Redcliffs, Sumner, Ferrymead, Heathcote Valley, Hillsborough, Murray Aynsley, Huntsbury, Cashmere, Westmorland, Hillmorton, Hoon Hay, Halswell Oaklands, Wigram, Middleton, Sockburn, Hornby, Islington, Templeton, Yaldhurst, Russley, Avonhead, Harewood, Bishopdale, Casebrook, Redwood, Regents Park, Northwood, Belfast, Spencerville, Brooklands.

Satellittbyar[endre | endre wikiteksten]

Lyttelton, Tai Tapu, Lincoln, Prebbleton, Rolleston, West Melton, Rangiora, Kaiapoi, Akaroa.

Vêrlag[endre | endre wikiteksten]

Christchurch har eit turt, temperert klima, med daglege maksimumstemperaturar om sommaren, i januar, på 22,5°C, og 11,3 °C i juli.[27] Etter Köppen si klimaklassifisering har Christchurch eit maritimt klima. Sommartemperaturane vert ofte modererte av ein solgangsbris frå nordaust, men ein rekordtemperatur på 41,6 °C vart målt i februar 1973. Eit særmerkt kjenneteikn på vêret er nor'wester, ein varm fønvind som stundom når storms styrke, og som kan gje utstrekte mindre skadar på eigedommar.[28]

Om vinteren er det vanleg at temperaturane fell under 0 °C om nettene. Det er i gjennomsnitt 70 dagar med frost på bakken årleg.[29] Snøfall finn stad i gjennomsnitt ein eller to gonger årleg i dei høgareliggjande forstadane, og med eit til to års mellomrom på slettene.

I kalde vinternetter kan kombinasjonen av dei omgjevande åsane, klår himmel og kjølig og stille luftlag danna ein stabil temperaturinversjon over byen som stengjer inne eksos frå køyretøy og røyk frå bustadhus, og dannar smog. Sjølv om denne ikkje er så tett som smogen i Los Angeles eller Mexico by, har smogen i Christchurch ofte overstige dei tilrådde grensene for luftforureining frå Verdshelseorganisasjonen.[30] Byen har fond som er avsedde til å oppgradera oppvarming i privatbustadar, og for å avgrensa luftforureininga er det sidan 2006 forbode med open eld eller å ta i bruk omnar for fast brensel som er 15 år eller eldre i tida mellom 1. april og 30. september[31].

Nuvola apps kweather.svg Klimatabell: Christchurch Weather-rain-thunderstorm.svg
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg dagleg maksimumstemperatur 22,5°C
72,5°F
22,2 °C
72 °F
20,4 °C
68,7 °F
17,8 °C
64 °F
14,6 °C
58,3 °F
11,7 °C
53,1 °F
11,3 °C
52,3 °F
12,4 °C
54,3 °F
14,9 °C
58,8 °F
17,4 °C
63,3 °F
19,2 °C
66,6 °F
21,2 °C
72 °F
17,1°C
62,8°F
Gjennomsnittleg dagleg minimumstemperatur 12,2°C
54°F
12,1 °C
53,8 °F
10,6 °C
51,1 °F
7,7 °C
45,9 °F
4,5 °C
40,1 °F
2,1 °C
35,8 °F
1,9 °C
35,4 °F
2,9 °C
37,2 °F
5,1 °C
41,2 °F
7,2 °C
45 °F
8,9 °C
48 °F
10,9 °C
51,6 °F
7,2°C
45°F
Gjennomsnittleg total nedbør 42 mm
1,65 "
39 mm
1,54 "
54 mm
2,13 "
54 mm
2,13 "
56 mm
2,20 "
66 mm
2,60 "
79 mm
3,11 "
69 mm
2,72 "
47 mm
1,85 "
53 mm
2,09 "
44 mm
1,73 "
49 mm
1,93 "
648 mm
25,51 "
Kjelde: NIWA Climate Data[32]

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Båthus ved Avon River

Området som er administrert av Christchurch City Council har eit folketal på 372 600,[1] som er det nest største på New Zealand, og den største City (distrikt) på Sørøya. Det urbane området i Christchurch er etter populasjon det nest største i landet, etter Auckland.

Etnisitet[endre | endre wikiteksten]

Den følgjande tabellen syner den etniske profilen til innbyggjarane i Christchurch, ved folketeljingane i 2001 og 2006. Prosenttala går over 100 %, fordi somme personar oppgir at dei høyrer til meir enn ei etnisk gruppe. Tala for 2006 er berre frå Christchurch City, ikkje heile det urbane området. Den tydelege nedgangen i talet på «Europearar» kom for ein stor del av det tiltakande talet på personar som valde å definera seg sjølve som «New Zealanders» – sjølv om dette ikkje var mellom dei gruppene som var førte opp på skjemaet ved folketeljinga.

Etnisk gruppe Folketeljing 2001 Folketeljing 2006
Prosentdel Personar[33] Landsgjennomsnitt Prosentdel Personar[34] Landsgjennomsnitt
Europearar 89,8 291 594 75,4 255 366 67,6
'New Zealander' n/a n/a 12,9 43 671 11,1
Asiatar 5,5 17 703 7,9 26 631 9,2
Maoriar 7,2 23 421 7,6 25 725 14,7
Frå Stillehavsøyene 2,4 7 713 2,8 9 465 6,9
Midt-Austen/Latin-Amerika/Afrika n/a n/a 0.8 2,862 0,9
Andre 0,6 2 073 <0,1 114 <0,1
Alle som opplyste om etnisitet 324 666 (personar) 338 748 (personar)

Folketeljinga i 2006 gir også informasjon om fleirspråklegheita i regionen. 283 986 personar i Christchurch City tala berre eit språk, medan 37 947 tala to, og 7 881 kunne tala tre eller fleire språk.[34]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Landbruk har alltid vore den økonomiske kjernen i Christchurch. Byen har lenge hatt ein industri med base i jordbrukslandet omkring. PGG Wrightson, den leiande landbruksverksemda på New Zealand, ligg i Christchurch. Dei lokale røtene går attende til Pyne Gould Guinness, eit agentur som ytte tenester til Sørøya. Det var dette firmaet som førte teknikkar med hjortefarming ut or landet.[35] Dei oversjøiske avdelingane til PGG Wrightson omfattar mellom anna mjølkeproduksjon i Uruguay.[36]

Andre landbruksverksemder i Christchurch har omfatta malting, frøproduksjon og -pakking, ull- og kjøtforedling og mindre bioteknologiske verksemder som brukar biprodukt frå kjøtindustrien.

Mjølkeproduksjon har vakse sterkt i områda kring byen, med høge prisar på mjølk og meieriprodukt på verdsmarknaden, og bruk av vatning for å auka avlingane av gras på det turre jordsmonnet. Denne produksjonen krev større arbeidsinnsats, og har såleis hjelpt til med å stoppa nedgangen i folketalet på landsbygda. Mange korndyrkarar og sauefarmarar har gått over til mjølkeproduksjon. Overgangane har skjedd så vel blant større landbrukskonsern som hjå einskilde bønder, mange av desse har flytta sørover frå utprega landbruksområde som til dømes Taranaki og WaikatoNordøya.

Korndyrking har alltid vore viktig i området. Kveite og bygg og ulike slag kløver og anna gras som vert dyrka for eksport av frø, har vore dei viktigaste avlingane. Desse har alle skapt produksjonsverksemder i Christchurch.

I dei seinare åra har landbruksverksemder i regionen satsa i fleire retningar. Ein blomstrande vinindustri har vakse fram i Waipara, og ein ser starten på nytt industrielt hagebruk, som dyrking og foredling av oliven. Den høge kvaliteten på dei lokale vinane har verka tillokkande på turistar til Canterbury og Christchurch. Hjortefarming har ført til ei ny industri som brukar hjortegevir til framstilling av stoff til asiatisk medisin og afrodisiaka.

Tidlegare var Christchurch eit av dei to sentra for tungindustri på New Zealand; verksemder her produserte stål til bruer, tunellar og kraftverksdammar. No er det att mest lettare industri som rettar seg mot marknadar først og fremst i Australia.

Før tekstilindustrien for ein stor del flytta til Asia, var Christchurch sentrum for denne industrien på New Zealand. Verksemdene som er att, arbeider no mest med design og marknadsføring, medan produksjonen skjer i Asia. Byen hadde òg fem skofabrikkar, men no er desse borte på grunn av import.

Gjennom dei siste få tiåra har det oppstått teknologibaserte verksemder i Christchurch. Der har òg vore knoppskyting frå den elektroniske avdelinga til University of Canterbury. No spelar både universitetet og Christchurch Polytechnic Institute of Technology ei viktig rolle for å utdanna teknikarar og ingeniørar til denne industrien. Like eins har Lincoln University ei viktig rolle innanfor den landbruksbaserte industrien i Christchurch.

Turisme er også ein betydeleg faktor i lokaløkonomien. Nærleiken til ski-sentra og andre attraksjonar i Søralpane, og hotell, eit casino og ein flyplass av internasjonal standard gjer Christchurch til ein stoppestad for mange turistar. Byen er så populær blant japanske turistar[37], at der er informasjonsskilt på japansk kring Cathedral Square.

Styresett[endre | endre wikiteksten]

Våpenskjoldet til City of Christchurch på New Zealand.

Det lokale styret i Christchurch er demokratisk og er sett saman av ulike element:

  • Christchurch City Council, som består av Mayor of Christchurch og 13 rådsmedlemmer som er valde frå sju distrikt (wards).
  • Community board (seks frå dei tidlegare samanslegne byområda, ward), som kvar dekkjer ein ward, kvart med fem medlemmer pluss to rådsmedlemmer frå tilhøyrande wards. Banks Peninsula ward har to lokale råd med fem medlemmer i kvart, samt ein rådsleiar som leier båe.
  • Distriktsstyra i dei omkringliggjande distrikta: Selwyn District og Waimakariri District. Banks Peninsula District vart slått saman med Christchurch City i mars 2006 etter ei avrøysting blant innbyggjarane på Banks Peninsula over samanslåing, i november 2005.
  • Canterbury Regional Council, også kalla Environment Canterbury, har representantar frå fire bydelar i Christchurch, som kvar er representerte med to medlemmer[38].
  • District Health Board (Canterbury), det styrande organet for helsetenester i regionen, med fem medlemmer frå Christchurch[39].

Transport[endre | endre wikiteksten]

Christchurch International Airport er base for flytrafikken til Christchurch, elles går det både lokal- langdistanse busstrafikk her, og i tillegg jarnvegstrafikk. Privatbilismen er likevel den dominerande forma for transport. I dei sentrale delane av byen er terrenget svært flatt, og byen byggjer ut eit nettverk av sykkel- og gangstiar.

Ein gammal trikk i Christchurch.

Det er mogeleg å reisa med trikk i Christchurch, men dette er mest tilpassa turistar; ruta er avgrensa til ein runde sentralt i byen. Trikken vart opphavleg introdusert i 1905, drifta heldt opp i 1954,[40] men kom att som turistattraksjon i dei indre bydelane i 1995. I tillegg til vanlege bussruter har Christchurch også ei banebrytande persontrafikkteneste med hybridbussar i dei indre bydelane, the Shuttle.

Jarnvegslinja, Main North Line går nordover via Kaikoura til Picton, medan Main South Line fører til Invercargill via Dunedin, og vart bruka av ekspresstoget Southerner fram til nedlegginga i 2002. Det mest kjende toget som går ut frå Christchurch er TranzAlpine, som går langs Main South Line til Rolleston, og derfrå på Midland Line, går gjennom Søralpane via Otira Tunnel og endar i Greymouth i West Coast. Denne turen vert av mange sett på som ein av dei store jarnvegsopplevingane i verda.[41] TranzAlpine-ruta er primært for turistar og har ingen særleg pendlartrafikk. Det var pendlartog i Christchurch tidlegare, men desse vart lagde ned gjennom 1960- og 1970-åra, det siste, mellom Christchurch og Rangiora, i 1976.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Christchurch har sju venskapsbyar rundt om kring i verda, desse er:[42]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Subnational Population Estimates: At 30 June 2009» Estimat frå Statistics New Zealand
  2. 2,0 2,1 Sir James Hight & C.R. Straubel (1957) A History of Canterbury, bind 1, s. 121 – Christchurch.
  3. Ōtautahi (frå vevsida til Christchurch City Library)
  4. Cathedral History (frå den offisielle vevsida til Christ Church cathedral)
  5. Captain Thomas and the Streets of Christchurch. Christchurch City Libraries.
  6. Rescue, the Sumner community and its lifeboat service - Amodeo, Colin (editor), Christchurch: Sumner Lifeboat Institution Incorporated, 1998
  7. Christchurch City Libraries
  8. Te Ara Encyclopedia of New Zealand
  9. Looking good in the Antarctic (web). The Antarctic Sun.
  10. "Extremely violent" 7.4 quake hits Christchurch. The New Zealand Herald (4. september 2010).
  11. New Zealand Herald om Christchurchskjelvet i februar 2011.
  12. Christchurch shaken by 4.3 magnitude quake, nzherald.co.nz, 24. april 2011
  13. Southern tourist towns suffer after earthquake, nzherald.co.nz, 27. april, 2011
  14. Christchurch Earthquake: Workers trapped in crushed buildings. New Zealand Herald (22. februar 2011).
  15. Fox, Andrea (1. mars 2011). Building code no match for earthquake. The Dominion Post. Vitja 5. februar 2012.
  16. List of deceased. New Zealand Police (1. juni 2012). Vitja 5. februar 2012.
  17. 'Thousands of homes need to go'. The Press (14. juni 2011). Vitja 5. februar 2012.
  18. BBC: New Zealand's Christchurch rocked by earthquakes, 23 December 2011
  19. nzherald.co.nz: Christchurch: More quakes expected, 23 December 2011
  20. TVNZ: Evacuations as large quake rocks Christchurch, 23 Dec 2011
  21. [1] Stuff: Earthquake swarm rattles Christchurch, 02 January 2012]
  22. [2]
  23. Community Outcomes Baseline Report: Chch City Council
  24. Where our water comes from - Chch City Council
  25. Christchurch City Council definition
  26. The Cultural Precinct
  27. Mean Daily Maximum Temperatures 1971-2000. National Institute of Water and Atmospheric Research.
  28. Canterbury's damaging nor'wester (from the Metservice NZ website)
  29. Mean Number Of Days Of Ground Frost (from the NIWA website)
  30. Air Pollution Today (frå heimesida til Environment Canterbury)
  31. [3] (frå heimesida til Environment Canterbury)
  32. «Climate Data». NIWA. http://www.niwascience.co.nz/edu/resources/climate/. Henta 5. mai 2010. 
  33. 2001 Regional Summary, Statistics New Zealand
  34. 34,0 34,1 QuickStats About Christchurch City - frå Statistics New Zealand
  35. From feral to farmed Deer PGG Wrightson has played a leading role in this relatively new farming venture.. PGG Wrightson Limited (2010).
  36. Company Profile - frå heimesida til PGG Wrightson Ltd
  37. The Sister City link with Christchurch (frå christchurch.org, vevside til Christchurch City Council)
  38. Environment Canterbury (offisiell heimeside til regionen)
  39. Canterbury District Health Board (offisiell heimeside frå helsestyresmaktene)
  40. A Wheel on Each Corner, The History of the IPENZ Transportation Group 1956-2006 - Douglass, Malcolm; IPENZ Transportation Group, 2006, Page 12
  41. Om TranzAlpine.
  42. Sister Cities of Christchurch (frå heimesida til Christchurch City Council)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Christchurch
  • Reed, A.W. (2002) The Reed dictionary of New Zealand place names. – Auckland – ISBN 0-7900-0761-4.
  • Rice, Geoffrey (med assistanse frå Jean Sharfe)(1999) Christchurch changing: an illustrated history Christchurch: Canterbury University Press. ISBN 0-908812-53-1 (pbk.)

Styresmakter[endre | endre wikiteksten]

Kultur & informasjon[endre | endre wikiteksten]

Kart og turisme[endre | endre wikiteksten]