Peters stol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cathedra Petri, Peters stol i høgalteret i Peterskyrkja

Peters stol er ein merkedag som vert feira 22. februar til minne om apostelen Peter. I Den katolske kyrkja skal feiringa vere eit uttrykk for kyrkjeleg samling om paven i Roma.[1]

Denne minnedagen er avmerkt på den norske primstaven som Peters stol, Petrus Cathedratus eller «Per varmstein». Dagen er òg kjent som «Petersmesse om våren». Primstavmerket er ein stein eller ein nøkkel. Dagen har vorte rekna som den første vårdagen: Frå denne dagen går ikkje telen djupare, og frå denne dagen byrjar vatnet å tære på isen. I folketrua heite det at St. Peter kasta varme steinar ned på isen[2] og at han la varmsteinar i jorda.

Omgrepet «Peters stol» viser til eit konkret møbel, ein stol, Cathedra, i Peterskyrkja.

Referansar[endre | endre wikiteksten]