Filmmusikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Filmmusikk er musikk som er komponert spesielt for bruk i film, men det kan også omfatte annan musikk. Vanlegvis bruker ein musikk som dette til stemningsskapar i film, ved at musikken understrekar ei eller fleire hendingar i handlinga, eller ved at ein eller fleire av rollefigurane blir gjeve eit spesielt musikalsk tema. Eit døme på det siste er «Imperial March»-temaet (komponert av John Williams) som symboliserer det galaktiske imperiet og Darth Vader i fem av dei seks Star Wars-filmane.

Filmmusikk er som regel ikkje-diegetisk. Det vil seie at den ikkje kjem frå ei synleg kjelde på skjermen. Det finst unntak, som i filmen Vill vest (Blazing Saddles) av Mel Brooks frå 1974, der ikkje-diegetisk filmmusikk blir parodisert ved at Count Basie and his Big Band plutseleg dukkar opp «i bilete» under avspelinga av ein melodi.

Kjend filmmusikk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]