Philadelphia Freedom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Philadelphia Freedom
Singel av Elton John
B-side «Saw Her Standing There» (konsertopptak med John Lennon)
Utgjeve 24. februar 1975
Sjanger Rock
Lengd 5:38
Selskap MCA (US/Canada)
DJM Records
Låtskrivar(ar) Elton John, Bernie Taupin
Elton John-kronologi
«Lucy in the Sky with Diamonds»
(1974)
Philadelphia Freedom «Someone Saved My Life Tonight»
(1975)

«Philadelphia Freedom» er ein song gjeven ut av Elton John (som «The Elton John Band») som singel i 1975. Songen var ein av mange listetoppar for John i USA på denne tida. I Canada var singelen den åttande som nådde toppen av singellista. Songen var skriven av Elton John og Bernie Taupin som ei teneste for venen og tennisstjerna Billie Jean King. King var ein del av tennislaget Philadelphia Freedoms. Gene Page har arrangert orkesteret på songen.

Songen vart spelt inn sommaren 1974 under ein pause i innspelinga av Captain Fantastic and the Brown Dirt Cowboy og var den einaste songen John og Taupin skreiv med tanke på ei singelutgjeving. I følgje boka His Song: The Musical History of Elton John av Elizabeth Rosenthal skal Taupin ha sagt at «Eg kan ikkje skrive ein song om tennis» og gjorde det heller ikkje. Taupin hevdar at songen ikkje har noko tilknytting til tennis, Philly Soul eller patriotisme, men teksten er likevel tolka som patriotisk og oppløftande. I USA selde singelen til gull i 1975 og til platina i 1995.

Songen vart spelt inn av Hall & Oates på hyllestalbumet Two Rooms i 1991. Han vart òg spelt inn av Ike & Tina Turner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]