Someone Saved My Life Tonight

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Someone Saved My Life Tonight
Singel av Elton John
frå albumet Captain Fantastic and the Brown Dirt Cowboy
B-side «House of Cards»
Utgjeve 23. juni 1975
Sjanger Softrock
Lengd 6:45
Selskap MCA (US/Canada)
DJM Records
Låtskrivar(ar) Elton John, Bernie Taupin
Elton John-kronologi
«Philadelphia Freedom»
(1975)
Someone Saved My Life Tonight «Island Girl»
(1975)

«Someone Saved My Life Tonight» er ein song av Elton John på albumet Captain Fantastic and the Brown Dirt Cowboy frå 1975. Teksten er skriven av Bernie Taupin.

Songen vart gjeven ut som den einaste singelen frå albumet i 1975 og nådde fjerdeplass i USA og Topp 25 i Storbritannia. I USA selde han til gull same året. I Canada nådde singelen andreplassen og var den første singelen til John på lang tid som ikkje gjekk til topps der.[1]

Taupin skreiv teksten om ei tid i 1969, før John hadde vorte ein populær musikar og han var klar til å gifte seg med kjærasten Linda Woodrow. John og Woodrow delte ei leilegheit med Taupin i Furlong Road i East End of London, derfor opningslinja «When I think of those East End lights». Han hadde store tvil om det komande bryllaupet og tenkte på å ta sjølvmord. Han søkte tilflukt hos venene sine, særleg Long John Baldry, som overtydde John om å gje opp ekteskapsplanane for å redde musikkarrieren sin. Som teikn på takksemd og respekt for Baldry, skreiv Taupin han om til «someone» i tittelen.[2] Somme radiostasjonar bannlyste eller endra songen fordi det vart nytta orda «damn it» i andreverset.

Songen som med ei lengd på 6:45 var ein av dei lengste singlane til Elton John, var meint å kortast ned for å tilpassast radioformatet, men John nekta MCA Records å redigere songen, og han vart gjeven ut i sin heilskap.

John har spelt songen mange gonger på konsertane sine, mellom anna i Central Park i september 1980.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]