Philip Miller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portrett av «Miller» omgjeven av vekstar frå den franske utgåva av The Gardener's Dictionary 1787. Biletet viser truleg ein annan Miller, John Miller.

Philip Miller (169118. desember 1771) var ein skotsk botanikar som verka som gartnar og forfattar. Han dyrka og introduserte fleire nye plantar til Storbritannia og USA, og stod bak klassifiseringa av ulike artar. Han var kjend for rik plantekunnskap, og blei vald inn i naturforskarklubben Royal Society.

Miller var hovudgartnar for Chelsea Physic Garden i London frå 1722 til 1770.[1] Under hans tid voks den botaniske hagen til ein av dei planterikaste i verda, med plantar frå ei rekkje ulike stader og klima. For den fjerde hertugen av Bedford stelte han frukttre og ei verdifull samling importerte amerikanske tre ved Woburn Abbey. Trea var komne til England gjennom ei innsamling utført av John Bartram etter forslag frå Miller.

I 1733 sende Miller vestindisk bomull (Gossypium barbadense) til den britiske kolonien Georgia (no Georgia i USA), der bomullstypen fekk namnet «Sea Island Cotton» etter den første veksestaden sin, Sea Island.

Frå The Gardeners Kalender (4. utg., 1765)
Tittelbladet til The Gardeners Dictionary frå 1731.

Philip Miller skreiv The Gardener's and Florists Dictionary or a Complete System of Horticulture (1724) og The Gardener's Dictionary containing the Methods of Cultivating and Improving the Kitchen Fruit and Flower Garden (1731), som kom i fleire illustrerte utgåver og blei omsett til fleire språk.[1] Bøkene blei sett på som hjelpemiddel både for gartnarar og botanikarar, til dømes av Carl von Linné.

I førstninga var Miller lite lysten til å bruka Carl von Linné sitt nye system med binomial nomenklatur, og følgde i staden klassifiseringssystemet til Joseph Pitton de Tournefort og John Ray. Han heldt på nokre klassifiseringar som Linné forkasta, men som seinare er blitt tekne i bruk att i botanikk. Miller bytta først til Linné sitt system i 1768-utgåva av The Gardeners Dictionary, sjølv om han allereie då hadde skildra nokre slekter, som lerk (Larix) og vanilje (Vanilla) etter det nye systemet i fjerdeutgåva frå 1754.

Philip Miller lærte opp William Aiton som seinare blei hovudgartnar ved Royal Botanic Gardens i Kew, og William Forsyth, som slekta Forsythia har fått namn etter. Han hadde to søner som arbeidde for han. Ein av dei, Charles Miller, blei den første hovudgarnarten for Cambridge Botanic Garden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Miller, Philip» i Taxonomic literature : a selective guide to botanical publications and collections with dates, commentaries and types (TL2) ved biodiversitylibrary.org