Pielisjärvi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pielisjärvi
innsjø
Utsyn over Pielisjärvi
Land  Finland
Tilsig Koitajoki & Lieksa elv
Utløp Pielis elv
Nedslagsfelt 13 900 km²
Høgd over havet 94 moh.
Lengd 107 km
Breidd 43 km
Areal 894,21 km²
Middeldjupn <10 m
Koordinatar 63°15′N 29°40′E
Øyar 1 259
Byar Nurmes
Kart
Pielisjärvi
63°15′00″N 29°40′00″E / 63.25°N 29.666666666667°E / 63.25; 29.666666666667
Wikimedia Commons: Pielinen

Pielisjärvi eller Pielinen er den femte største innsjøen i Finland med eit areal på 894,21 km². han ligg i området Norra Karelen i ei høgd på om lag 94 meter over havet. Innsjøen har ei lengd på 107 km, og er 43 km på det breiaste.

Tilsigsområdet til innsjøen er på 13 900 km², der om lag 6 000 km² ligg på den russiske sida av grensa. Innsjøen vart isfri for om lag 9600 år sidan, og i starten rann vatnet ut i den nordlege enden, men på grunn av landhevinga etter den siste istida rann vatnet seinare ut i dei midtre delane av innsjøen, og seinare i dei sørlege delane gjennom elva Pielis.

Heilt nord i innsjøen ligg byen Nurmes. Koli nasjonalpark ligg langs vestsida av innsjøen, og tettstaden Lieksa på austsida.

Asteroiden 1536 Pielinen er kalla opp etter innsjøen.

Utsyn frå Koli over Pielisjärvi