Pinsett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit utval pinsettar

Pinsett er ein reiskap som som vert nytta til å gripe med, slik at ein kan plukke opp små objekt som fingrane elles ikkje klarar å få tak i, å ta tak i ting som ein ikkje skal setje fingermerke på, som til dømes verdfulle frimerke til frimerkesamlingar, eller for gripe objekt som er for varme, eller på annan måte ikkje er til å ta i med fingrane.

Pinsettar vert laga av stål, plast eller anna høveleg materiale. Dei er i prinsippet utforma som ei gripeflate i eine enden av kvar av to parallelle stenger som er festa til kvarandre i den andre enden. Festet er fjerande på ein måte som gjer at gripeflatene på pinsetten ikkje klemmer mot kvarandre utan at ein presser pinsetten saman med fingrane.

Pinsettar vert laga i ulike former og storleikar etter kva dei skal nyttast til. Dei kan vere små reiskapar til å nappe ut uønska hår og augebryn med, for å plukke opp små skruar med og så bortetter, eller kan vere større reiskapar nytta i matlaging for å nappe ut bein av fiskefiletar eller for vende kjøtstykkja i steikepanna eller på grillen. Lækjarar og tannlækjarar nyttar òg pinsettar av ymse utformingar og storleikar i arbeidet med pasientane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pinsett

Kjelder[endre | endre wikiteksten]