Piz Argient
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Piz Argient | |
| fjell | |
|
Bellavista (midten venstre), Piz Argient (snødekt, høgre) og Crast' Agüzza (heilt til høgre)
|
|
| Land | |
|---|---|
| Fjellkjede | Berninafjella |
| høgd | 3 945 moh |
| skardhøgd | 99 m ↓ mot Piz Zupò |
| koordinatar | |
| Geologi | Granitt |
| Lettast tilkomst | Nordaustryggen frå Fuorcla dal Zupò (F) |
| Førstestiging av | gemsejeger, Christian Grass, J. B. Walther |
| - dato | 1869 |
Piz Argient er eit 3 945 m høgt fjell i Berninafjella i Alpane. Grensa mellom Sveits og Italia går over fjelltoppen.
Fjellet er omkransa av isbrear på alle kantar. Nord for fjellet strekker Morteratschbreen seg, i vest Øvre Scerscengletscher, og i sør og aust ligg Fellaria-breen. Topp er skild frå grannetoppane Piz Zupò i aust av skaret Fuorcla dal Zupò (3 851 m) og frå Crast' Agüzza i nordvest av Fuorcla da l'Argient (3 705 m).
Toppen vart vitja fyrste gongen i 1869. Eit fylgje på fem beståande av turistane Seiler og von Seldeneck i lag med fjellførarane Christian Grass og J. B. Walther og ein ikkje namngjeven gemsejeger, kleiv opp.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Piz Argient» frå Wikipedia på engelsk, den 13. desember 2009.