Piz Buin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Piz Buin
fjell
Utsyn frå Ochsentalerbreen, juli 2001
Land  Austerrike,  Sveits
Fjellkjede Silvretta
Høgd 3 312 moh.
Primærfaktor 544 m ↓  mot Fluchthorn
Koordinatar 46°50′44″N 10°07′11″E / 46.84556°N 10.11972°E / 46.84556; 10.11972
Lettast tilkomst brevandring og snøklatring
Førstestiging I. A. Specht
 - dato 1865
Kart
Piz Buin
46°50′39″N 10°07′08″E / 46.84412°N 10.11889°E / 46.84412; 10.11889
Wikimedia Commons: Piz Buin

Piz Buin er det høgaste fjellet i Vorarlberg i Austerrike og ein av dei høgaste toppane i fjellkjeda Silvretta, der det høgaste er Piz Linard (3 410 m).

Det opphavlege namnet på språket retoromansk i den sveitiske kantonen Graubünden er Piz Buin Grand. Ein svært lik fjell topp i nærleiken er kalla Piz Buin Pitschen, og har same forma, men er litt lågare (3 255 m).

Ein kan nå Piz Buin frå Wiesbadener-hytta i Austerrike, krysse Vermuntbreen, klatre opp Wiesbadener-ryggen og så gå over Ochsentalerbreen til Buin-brotet. Frå brotet kan ein gå i sikksakk oppover til toppen der ein berre må overkomme ein 20 meter bratt skråning før ein kjem heilt til topps. Her finn ein eit gamalt trekors. Grensa mellom Sveits og Austerrike kryssar toppen frå aust mot vest.

Namnet Piz Buin er også brukt som varemerke av eit solkremfirma, som har hovudkvarter i Vorarlberg, og som er kjend over heile verda.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]