Pizjma i Komi
| Pizjma | ||
| Utspring | Jamozero | |
| Munning | Petsjora | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 389 km | |
| Middelvassføring | 55 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 5 470 km² | |
Pizjma (russisk Пижма) er ei elv i Republikken Komi i Russland og ei av sideelvane til Petsjora frå venstre.
Ho har ei lengd på 389 km og eit nedslagsfelt på 5470 km². Ho har ei middelvassføring på 55 m³/s, men på det meste kan vassføringa verte meir enn 800 m³/s. Ho frys til i slutten av oktober eller tidleg i november, og vert isfri att i slutten av april eller tidleg i mai.
Dei største sideelvane hennar er Vjatkina frå venstre og Ginlaja, Svetlaja og Umba frå høgre.
Elva spring ut frå Jamozero i Timanhøgdene, nær grensa til Arkhangelsk oblast. Den øvste delen av elva renn gjennom audemark, først søraustover og seinare austover. Før ho renn saman med Svetloj vert ho òg kalla Petsjora Pizjmoj. I den nedre delen av elva ligg fleire landsbyar langs elva.
Pizjma renn ut i Petsjora i nærleiken av byen Ust-Tsilma, fem kilometer oppfor Tsilma. Den nedre delen av elva kan nyttast til skipsfart.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Пижма (приток Печоры)» frå Wikipedia på russisk, den 29. september 2008.