Place Charles-de-Gaulle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
La place Charles-de-Gaulle med Triumfbogen i sentrum.
Flyfotografi av plassen og omgjevnadene.
Plassen har lenge vore eit knutepunkt for kollektivtrafikken i Paris, mellom anna ved å vere endehaldeplassen for sporvognslina Paris - Saint-Germain (PSG) mellom 1911 og 1921.
Den historiske aksen (l'axe historique de Paris) frå le jardin des Tuileries til l'Arche de la Défense (Bogen på la Défense, ein ny bydel med høghus) via La place Charles-de-Gaulle med Triumfbogen i sentrum.

Place Charles-de-Gaulle, som tidlegare heitte Place de l’Étoile og framleis er mest kjend under dette namnet, er ein sirkulær plass med 240 meter i tverrmål i Paris i Frankrike, på grensene mellom bydelane 8e, 16e og 17e arrondissement, som har kvar sin sektor av plassen. I sentrum av plassen er Triumfbogen (l'Arc de triomphe) plassert. Plassen fekk det noverande namnet 13. november 1970, fire dagar etter at president Charles de Gaulle døydde, for å heidre han.

Plassen vart opparbeidd i 1670 og fekk i si tid namnet Place de l’Étoile, «Stjerneplassen», av di det herfrå stråler ut tolv store og beine avenyar, breie gater, som strålane frå ei stjerne. Tolv av desse avenyane dannar parvis seks rettlinja aksar over plassen: Avenue Mac-Mahon og avenue d'Iéna dannar ein akse; avenue de Wagram og avenue Kléber dannar ein akse, avenue Hoche og avenue Victor-Hugo ein akse; avenue de Friedland og avenue Foch ein akse, avenue des Champs-Élysées og avenue de la Grande Armée (Den store hærens aveny) dannar ein akse som òg inngår i den såkalla l'axe historique de Paris (den historiske aksen i Paris) eller voie royale (kongevegen), ei rettlinja aveny mellom Louvre og quartier de la Défense, medan avenue Marceau og avenue Carnot dannar ein akse.

Steindekket på plassen markerer òg plassen som både ei stjerne og sentrum i desse aksane ved at det er nytta ulike fargar på steinen for å forme ei stjerneliknande figur. Elles er den ytre luten av plassen no nytta som ei rundkøyring med fleire filar. Næraste T-banestasjon (station de métro) er Charles de Gaulle – Étoile.

Det opphavlege namnet på området plassen ligg i var butte de Chaillot, det vil seie Chaillothøgda, som vart utjamna for å få plassen og paradegata les Champs-Élysées (Dei elyseiske markene) rettlinja. Dette store planeringsarbeidet var ferdig i 1777.