PlayStation 2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
PlayStation 2
PS2-Versions.png
Venstre: Original utgåve av PlayStation 2.
Høgre: "slimline" design av PlayStation 2 og handkontroll.
Produsent Sony
Produktfamilie PlayStation
Generasjon 6.
Utgjeve 2000
Einingar selde Meir enn 150 millionar [1]
Medium CD, DVD
CPU 64-bit "Emotion Engine" 294.912 MHz (lansering),
299 MHz (nyare modellar)
Lagring PlayStation 2 memory card (8 MB),
PlayStation memory card (128 KB/1 Mb),
40 GB Hard Drive (tilleggsutstyr)
Minne 32 MB of Direct RAMBUS or RDRAM,
4 MB eDRAM
Grafikk "Graphics Synthesizer" clocked at 147.456 MHz
Mestseljande spel Grand Theft Auto: San Andreas:
(17.33 millionar)
Føregjengar PlayStaion
Etterfylgjar PlayStation 3

PlayStation 2 (PS2) er ein spelekonsoll utvikla av Sony. Han er oppfølgjaren til PlayStation (seinare PlayStation One) og forgjengaren til Playstation 3 (som blei lansert i november 2006). Utviklinga av maskina blei offentleggjort i mars 1999, og blei først lansert i Japan 4. mars 2000, i Nord-Amerika 26. oktober 2000 og i Europa 24. november 2000.

PS2 er den raskast seljande konsollen i historia, med over 150 millionar selde einingar i januar 2011[2]; maskina slo dermed PlayStation med tre år og ni månadar. PlayStation 2 selde òg meir enn sine konkurrentar, Xbox, Xbox 360 og GameCube, i Nord-Amerika og Japan.

I 2012, 12 år etter utgivinga av PlayStaion 2, blir framleis spel utvikla og utgjeve til konsollen. Det nyaste spelet er MLB 2K12, som berre blei gjeve ut i Nord-Amerika. [3] FIFA 13 og PES 2013 kjem også ut for konsollen, i september 2012. [4] [5]


Original design.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Utviklinga av PlayStation 2 blei først annonsert i mars 1999, men var ikkje utgjeve før 2000. Kunngjeringa var nok til å bremse drivkrafta for Sega Dreamcast sin nordamerikanske lansering, til tross for at Dreamcast hadde eit forsprang i denne generasjonen. [6] [7] Rett etter utgivinga, var det vanskeleg å finne PS2 einingar på forhandlarens hyller [8] grunna produksjonsforsinkingar. [9] Eit anna alternativ var å kjøpe konsollen direktekopla gjennom auksjonsnettstader som eBay, der folk betalte over tusen dollar for ein PS2. [10] PS2 selte i utgangspunktet godt delvis på grunnlag av styrken på PlayStation-merkevara. Ein dag etter lanseringa hadde konsollen selt over 980.000 einingar i Japan. [11] Dette gav PS2 løyve til å tappe det store installasjons utgangspunktet oppretta av PlayStation - eit anna viktig salsargument framfor konkurrentane.

Sjølv om Sega kunngjorde avviklinga av Dreamcast i mars 2001, ville PS2 møte konkurransen frå nyare konkurrentar; Microsofts Xbox og Nintendo GameCube.

Mange analytikarar spådde ein tett tre-vegs ”matchup” mellom dei tre konsollane; Xbox hadde den mektigaste maskinvara, medan GameCube var den billegaste konsollen og Nintendo endra prinsippa sine for å oppmuntre tredjepartsutviklarar. Så medan PlayStation 2 teoretisk sett hadde dei svakaste spesifikasjonane av desse tre, hadde han eit forsprang grunna av sin installerte basis og sterk utviklar engasjement. [12]

Sony imøtegjekk Xboxen mellom anna ved å midlertidig sikre PlayStation 2 eksklusivt for etterlengta spel som Grand Theft Auto-serien og Metal Gear Solid 2:. Sons of Liberty. [13]

Direktekopla[endre | endre wikiteksten]

PlayStation 2 brukarane har moglegheit til å spele utvalte spel over Internett, ved hjelp av ein breibandstilkopling og ein PlayStation 2 nettverksadapter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

  1. [1]
  2. [2]
  3. [3]
  4. [4]
  5. [5]
  6. [6]
  7. "PlayStation 2 Timeline". GameSpy. side 3.
  8. "PlayStation 2 Timeline". GameSpy.
  9. [7]
  10. [8]
  11. [9]
  12. [10]
  13. http://money.cnn.com/2002/05/14/technology/ps2_pricecuts/ Morris, Chris (May 14, 2002). "Sony slashes PlayStation prices: Preemptive move undercuts competition and could spark video game price war". CNN.