Polarlys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg avisa Nordlys
Nordlys i Alaska

Polarlys (Aurora polaris) er eit naturfenomen som oppstår når solvinden er kraftigare enn normalt, med store elektriske utladingar som slynger elektrisk ladde partiklar (elektron og proton) mot jorda. Når desse partiklane kolliderer med, og ioniserer, luftmolekyl i den ytre delen av atmosfæren (90 km til 150 km over bakken), vert det produsert «dansande» (bølgjande) lys med ulike fargar.

Polarlys på den nordlege halvkula vert òg kalla aurora borealis eller nordlys, medan polarlys på den sørlege halvkula ofte vert kalla aurora australis eller sørlys. Nord- og sørlys opptrer i ein oval ring rundt den magnetiske nord- eller sørpolen.

I Noreg er nordlyset mest aktivt like før midnatt, to-tre døger etter at store solflekkar har hatt utbrot på sola. Dei mest aktive nordlysmånadene er mars, april, september og oktober. På grunn av lystilhøva er det lettast å sjå nordlyset kring midtvinter.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]