Polarsirkel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Polarsirkelen på Saltfjellet

Ein polarsirkel er ein tenkt sirkel rundt jorda som er parallell med ekvator og markerer skiljet mellom tempererte og polare strøk. Det finst to polarsirklar, den sørlege og den nordlege. Den nordlege går mellom Noreg og er ofte det me meiner når me seier Polarsirkelen.

Kvar polarsirkelen ligg blir bestemt av korleis jordaksen heller i høve til planet på banen jorda går i. Dette kan variera med rundt 500 meter. Han er difor ikkje statisk, pga. den jamne variasjonen i aksehellinga til jorda flyttar til dømes den nordlege polarsirkelen seg 14 meter nordover i året. Områda som ligg mellom ein polarsirkel og ein av polane har midnattssol minst ein dag i året.

Den nordlege polarsirkelen har nordleg breiddegrad 66° 33' 38" og går mellom anna gjennom Noreg, Sverige, Finland, Russland, Alaska i USA, Canada og Grønland.

Den sørlege polarsirkelen har sørleg breiddegrad 66° 33' 38" og går gjennom Balleny-øyane som New Zealand gjer krav på.