Port de Balès

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

x

Port de Balès
Port de Balès: utsyn austover frå toppen av Mont Né.

Port de Balès: utsyn austover frå toppen av Mont Né.

Nord Sør
Passhøgd 1 755 m
Département Hautes-Pyrénées Haute-Garonne
Stader Mauléon-Barousse Bagnères-de-Luchon
Samband D 925 D 51
Bygd 2006
Fjellområde Dei franske Pyreneane
Profil
Klatrekategori HC
Stigning (snitt) 6,3 % (1 185 m / 18,87 km) 5,7 % (1 125 m / 19,66 km)
Stigning (maks) 11,1 % 11,2 %
Kart (Midi-Pyrénées)
Port de Balès (Frankreich)
Port de Balès
Koordinatar 42° 52′ 25″ N, 0° 29′ 59″ AKoordinatar: 42° 52′ 25″ N, 0° 29′ 59″ A

Port de Balès er eit 1 755 meter høgt fjellpass i dei franske Pyreneane. Det er ein liten 19,2 kilometer lang veg opp til passet med ein snittstigning på 6,2 %, noko som gjer den fortent til å plasserast i hardaste etappekategori for franske sykkelritt, HC. Fram til sommaren 2006 var sørsida grusveg, men no er heile vegen over Port de Balès asfaltert. Frå passhøgda fører vegen D 925 etter 3,5 kilometer mot vest til den 1 855 høge Port de Pierrefite.

Tour de France[endre | endre wikiteksten]

Port de Balès stod 23. juli 2007 for første gong på programmet i Tour de France (17. etappe). Førstemann over toppen var Kim Kirchen. 15. etappe under Tour de France 2010 gjekk òg over passet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]