Pyreneane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 42°40′N 1°00′E
Pyreneane
Pirineos (es.), Pyrénées (fr.), Perinés (an.), Pirineus (ca.), Pirenèus (oc.), Pirinioak, Auñamendiak (eu.)
fjellkjede
none  Sentrale Pyreneane
Sentrale Pyreneane
Kalla opp etter: Pyrene
Land Flag of France.svg Frankrike, Flag of Spain.svg Spania Flag of Andorra.svg Andorra
koordinatar 42°40′N 1°00′E
Høgaste punkt Aneto
 - høgd 3 404 moh
Lengd 491 km
Geologi granitt, gneis, kalkstein
Periode Paleozoikum, mesozoikum
Topographic map
Topographic map
Pic de Bugatet i naturreservatet Néouvielle

Pyreneane (spansk: Pirineos; fransk: Pyrénées; katalansk: Pirineus; oksitansk: Pirenèus; aragonsk: Perinés; baskisk: Pirinioak; engelsk: Pyrenees) er ei fjellkjede i Sørvest-Europa, og dannar den naturlege grensa mellom Frankrike og Spania. Ho skil Den iberiske halvøya frå Frankrike, og strekkjer seg om lag 430 km frå Atlanterhavet (Biscayabukta) til Middelhavet (Cap de Creus).

Stort sett dannar hovudryggen den fransk-spanske grensa med Andorra skvist i mellom. Det største unntaket er Val d'Aran, som høyrer til Spania på nordsida av fjellkjeda. Andre mindre orografiske unntak er Cerdanya og den spanske eksklaven Llívia.

Pyreneane er kalla opp etter Pyrene (brann på gresk), som var dotter av Bebryx og som vart valdteken av Herakles. Etter at ho fødde ein slange vart ho skremd og flykta til fjella, og vart her anten brend eller eten av ville dyr. Herodotus sette denne legenda på kartet sitt over Oikoumene (verda i følgje grekarane) så tidleg som 450 fvt.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Politisk er Pyreneane ein del av departementa (frå aust til vest) Pyrénées-Orientales, Aude, Ariège, Haute-Garonne, Hautes-Pyrénées og Pyrénées-Atlantiques (dei to siste inneheld Pyreneane nasjonalpark) i Frankrike og ein del av dei spanske provinsane, frå aust til vest, Girona, Barcelona, Lleida, Huesca, Zaragoza, Navarra og Guipúzcoa.

Heile fyrstedømet Andorra ligg i Pyreneane.

Satellittbilete av Pyreneane

Fysisk er Pyreneane delt i tre delar: Det sentrale, det atlantiske eller det vestlege og det austlege.

Pico d'Aneto, det høgaste fjellet i Pyreneane.

Dei sentrale Pyreneane strekkjer seg austover frå Somport-passet til Val d'Aran, og inneheld dei største toppane i fjellkjeda:

I Dei atlantiske Pyreneane vert fjella gradvis lågare frå aust mot vest, før dei glir over i Baskerfjella nær Biscayabukta. I Dei austlege Pyreneane er middehøgda svært jamn, med unntak av dei austlegaste delane av Pyrénées Ariégeoises, før dei brått vert lågare i ein del av fjellkjeda kalla Albères.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Pyreneane er eldre enn Alpane og sedimenta vart først avleira i kystbasseng i periodane paleozoikum og mesozoikum. For mellom 100 og 150 millionar år sidan, under den lågare krittida, spreidde havbotn i Biscayabukta seg utover, og pressa det som i dag er Spania mot Frankrike. Det intense trykket og løftinga av jordskorpa påverka først dei austlege delane og strekte seg så gjennom heile kjeda, og nådde toppen i eosen-perioden.

Dei austlege delane av Pyreneane består hovudsakleg av bergartane granitt og gneis, medan dei vestlege granittoppane har lag med kalkstein på sidene. Fjellkjeda har ein massiv og lite nedslipt utsjånad som kjem av dei store mengdene granitt. Granitt er ein svært hard bergart som står imot erosjon, i tillegg til at det har vore lite isbrear i området.

Landskap[endre | endre wikiteksten]

Toppar i Pyreneane om sommaren

Landskapet i Pyreneane er kjenneteikna ved:

  • mangelen på store innsjøar, som ein til dømes har i Alpane.
  • fjellovergangar, og dei som finst ligg i stor høgd.
  • mange fjellstryk som lokalt vert kalla gaves. Fleire av desse dannar dei største fossane i Europa utanfor Noreg.
  • dei øvre delane av dalane er ofte forma som ein halvsirkel med stupbratte klipper rundt, lokalt kalla cirque.

Den høgaste fossen i Pyreneane er Gavarnie (462 m), ved toppen av Gave de Pau. Cirque de Gavarnie i same dalen er kanskje det mest vidkjende dømet på ein cirque-formasjon. Det finst ikkje låge fjellovergangar i Pyreneane, og dei einaste fjellovergangane er Col de la Perche, mellom dalane til elvane Têt og Segre, og Col de Somport eller Port de Canfranc, langs den gamle romerske vegen frå Saragossa til Oloron-Sainte-Marie.

Særleg verdt å merke seg er La Brèche de Roland, eit skår i fjellryggen, som etter legenda vart danna av Roland.

Naturressursar[endre | endre wikiteksten]

Det finst ikkje så mykje malm i Pyreneane, men det var tidlegare fleire jerngruver ved Vie de Sos i Ariège og ved foten av Canigou i Pyrénées-Orientales. På den spanske sida er det store nok førekomstar av kol til at det er økonomisk å vinne det ut, medan det på den franske sida finst fleire førekomstar av brunkol. Dagbrota i Trimoun (Ariège) er ein av dei største kjeldene til talkum i Europa.

Det finst mange mineralkjelder, og fleire av desse er ganske spesielle, mellom anna varmekjeldene, som ein har lite av i Alpane. Varmekjeldene, som i Bagnères-de-Luchon og Eaux-Chaudes er svovelhaldige og ligg stort sett høgt. Dei lågare kjeldene, slik som i Bagnères-de-Bigorre (Hautes-Pyrénées), Rennes-les-Bains (Aude) og Campagne (Aude) er stort sett selenhaldig og ikkje veldig varme.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Tenadalen i Spania sett frå lufta.

Nedbørsmengdene, både regn og snø, er mykje større på vestsida enn på austsida av Pyreneane. Dette gjer mellom anna at dei austlege Pyreneane ikkje har isbrear, sidan det ikkje kjem nok snø her til at dei kan utvikle seg. Isbreane ligg stort sett på nordsida av Dei sentrale Pyreneane, og strekkjer seg ikkje langt ned i dalane, slik som i Alpane, men strekkjer seg heller langs fjellkjeda. Her, som i andre fjellkjeder i Europa, er det spor av mykje meir omfattande isbredanning under den siste istida. Snøgrensa varierer i forskjellige delar av Pyreneane frå 2 700 til 2 800 meter over havet.

Plante- og dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Ein fjellbekk

At vestsida av Pyreneane har meir nedbør enn den austlege sida kan ein sjå igjen i vegetasjonen. Dei lågare fjella lengst vest er skogkledd, men skogområda minkar lenger aust, og dei austlege Pyreneane er berre. I vest er plantelivet, i det minste i nord, mykje likt som i Sentral-Europa, medan det i aust har meir til felles med Middelhavet, sjølv om det berre er om lag ein breiddegrad mellom desse områda. Pyreneane har mange endemeiske artar, og av dei meir spesielle finn ein den einaste europeiske arten av Dioscorea , Dioscorea pyrenaica, som berre er å finne ein høg stad sentralt i Pyreneane, og den monotype slekta Xatardia, som berre veks i eit høgt fjellpass mellom Val d'Eynes og Catalonia. Den mest vanlege plantearten i fjella er bergsildre, som det finst fleire endemiske artar av her.

Ein har òg fleire endemiske dyreartar i Pyreneane. Pyreneisk desman, ein type muldvarp, finn ein berre ved enkelte fjellelvar på nordsida av fjella. Det einaste andre medlemet av denne slekta finn ein ved elvar i Kaukasus sør i Russland. Ein finn òg ein endemisk art av salamander, kalla Euproctus pyrenaicus, som òg held til i bekkar og vatn i stor høgd. I grottene i finn ein fleire blinde insektartar. Pyreneisk steinbukk vart på mystisk vis utrydda i januar 2000, og den pyreneiske brunbjørnen vart neste utrydda på grunn av jakt i 1990-åra, men vart redda då tre bjøar vart frakta inn frå Slovenia. Bestanden har auka, og ein meiner no at det er om lag 15 brunbjønar i område.

Verna område[endre | endre wikiteksten]

Dei største naturreservata og nasjonalparkane:

Demografi og kultur[endre | endre wikiteksten]

For informasjon om etnologien, folkeminnene, institusjonane og historia til Pyreneane, sjå Andorra, Aragon, Ariege, Baskerland, Béarn, Catalonia, Navarre, Roussillon, Almogavars og Marca Hispanica.

Språket som vert snakka i området er spansk, fransk og katalansk. I tillegg vert det òg snakka oksitansk, aragonsk (Val d'Aran), baskisk og portugisisk (i Andorra).

Sport og fritid[endre | endre wikiteksten]

Begge sidene av Pyreneane har populære vintersportstader for alpin skisport og fjellklatring.

Pyrena er ein konkurranse i hundekjøring som vert halde i Pyreneane.

Om sommaren og hausten er to store sykkelritt innom Pyreneane, Tour de France, som vert halde kvart år i juli, og La Vuelta a España, som vert halde i september. Etappane som vert halde i Pyreneane er ofte avgjerande i begge ritta, og trekkjer til seg hundretusenvis av tilskodarar til området.

Skisenter[endre | endre wikiteksten]

Av skisenter i Pyreneane finn ein

Fjelltoppar[endre | endre wikiteksten]

Fjelltoppar over 3 000 meter[endre | endre wikiteksten]

Kjende fjelltoppar under 3 000 meter[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pyreneane

Kjelde[endre | endre wikiteksten]