Portlaoise
| Portlaoise | |||
|---|---|---|---|
| Utsikt frå Dunemaseklippen mot den lokale kyrkja | |||
|
|||
| Plassering | |||
|
|
|||
| Styresmakter | |||
| Land Provins Grevskap |
Leinster County Laois |
||
| Geografi | |||
| Flatevidd - By |
km² |
||
| Innbyggjarar - Totalt (2006) |
14 275 |
||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||
| Høgd over havet | 139 m | ||
| Diverse annan informasjon | |||
Portlaoise (irsk Port Laoise, tidlegare staving Port Laoighise, tidlegare namn Maryborough) er ein by i Republikken Irland. Han er det administrative senteret i County Laois og ligg sentralt på Irland.
Han vart grunnlagd som Fortet Maryborough av dronning Maria I av England og Irland i 1556.
Over heile byen finst det spor etter tida som garnisonsby. Det gamle fengselet har vorte omgjort til eit kultursenter.
I nærleiken av byen ligg Dunamaseklippen, eit keltisk festningsverk som Ptolemaios noterte seg på 100-talet. I 845 vart den dåverande festninga plyndra av vikingar. Det ligg òg tre herregardar i nærleiken: Emo Court, frå 1700-talet og teikna av James Gandon, Ballyfin House, som no er ein privatskule, og Mountmellick.
Portlaoise fengsel er eit høgtryggleiksfengsel som særleg har vorte brukt til terroristar frå Nord-Irland. Etter at amnestiet som vart nedfelt i Belfastavtalen tredde i kraft har det vore færre fangar innan denne kategorien.
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Portlaoise frå Engelsk Wikipedia .