Post-fermentert te

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Samanpressa pu-erhteblad med skriftteikn.

Post-fermentert te (kinesisk 黑茶, pinyin hēichá) er ein type te som er blitt lagra i friluft, frå nokre månader til mange år. Eksponeringa av teen for mikroorganismane, fukta og oksygenet i lufta fører til vidare oksidering, fermentering og kan hende noko reaktivering av oksidative enzym i teblada. Lagringa endrar lukta til teen mildnar typisk smaken. Det gjer at te som tidlegare var skarp og bitter kan gjerast om til eit rikt og fyldig produkt med behageleg munnkjensle og ettersmak.

I kinesisk og kinesisk-påverka austasiatisk kultur blir post-fermentert te kollektivt referert til som mørk te eller svart te på grunn av den mørkebrune fargen te brygga på denne typen blad får. I Vesten blir ein annan type te kalla «svart te»; denne blir på kinesisk omtalt som «raud te».

Typar[endre | endre wikiteksten]

Den best kjende av dei post-fermenterte teklassane er pu-erh te; likevel er det fleire andre typar te som høyrer til denne klassen, mellom dei:

  • Pu-erh (雲南普洱茶, yúnnán pǔ'ěr chá)
  • Liu'ante (安徽六安籃茶, ānhùi lìu'ān lán chá)
  • Liubaote (廣西六堡茶, guǎnxī lìubǎo chá)
  • Mørk hunante (湖南黑茶, húnán hēi chá)
  • Laobiante (湖北佬扁茶, húběi lǎobiǎn chá)
  • Bian-te (四川邊茶, sìchuān biān chá)
  • Pha-te (发茶, fā chá)
Produksjon av pu-erh.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Mange post-fermenterte tear kjem ikkje på marknaden som ferdige produkt, istaden startar dei ofte som grøn te eller delvis oksidert oolong-liknande te som i så blir sakte oksidert og mikrobisk fermentert over mange år og på den måten gjort om til post-fermentert te.

Det er også mogleg å framskynda modningsprosessen til å vara nokre månader, det ferdige produktet blir då kalla «modna pu-erh». Denne modninga går gjennom ein kontrollert prosess lik kompostering, der både fukt and temperatur til teen blir nøye overvakt. Produktet frå denne fermenteringa er ferdig post-fermentert te.

Samanpressa pu-erh.

Te som skal bli brukt som post-fermentert te er oftest seld som samanpressa te som kan ha ulik form, til dømes blokker, skiver, bollar eller sopp. Modna pu-erh er modna i laus form før samanpressinga. Post-fermentert te kan aldrast i mange år for å betre smaken. Rå pu-erhte kan lagrast i opptil 30–50 år utan å tape kvalitet og modna pu-erh kan lagrast i opptil 10–15 år. Espertar og tilhengarar er usamde om kva som er den beste tida å stoppe aldringsprosessen på.

Mange tibetanarar og sentral-asiatar nyttar pu-erh eller andre post-fermenterte tear som kaloririk mat, kokt saman med yaksmør, sukker og salt for å lage jaksmørte.