Potetpannekake

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Potetpannekake frå Sachsen, Bambes, med eplemos.

Potetpannekake er potetrettar som vanlegvis blir laga av rivne rå poteter som ein steiker i panne.[1] Potetkaker kan lagast på same vis eller med most kokt potet og eventuelt tilreidd litt annleis, men omgrepa kan brukast om kvarandre. Ulike kulturar har sine eigne namn og tradisjonar rundt slike rettar, som svensk raggmunk, askenasisk latke,[2] sveitsisk Rösti[3] eller irsk boxty.[4]

Vanlege ingrediensar å laga potetpannekaker med egg eller mjøl til å binda røra med; lauk, kvitlauk eller krydder til å gje smak, og ulike andre grønsaker.

Potetpannekaker kan vera som middagsrett[5] eller dessert.[6] Dei kan serverast åleine eller med tilbehøyr som rømme, sukker, bær, bacon eller eggerøre.[7] [8] Ein kan også laga variantar av søtpotet.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sjuve, Christopher (25. oktober 2011), «Slik lager du potetpannekake», Dagbladet.no (på norsk), henta 16. juli 2020 
  2. Latkes – liten potetpannekake med stor smak, Jødedommen.no, 26. november 2018 
  3. «Potetpannekake», www.rema.no (på norsk), arkivert frå originalen 16. juli 2020, henta 16. juli 2020 
  4. «Boxty - irske potetpannekaker», Aperitif.no (på norsk), henta 16. juli 2020 
  5. | (25. mai 2015), «Kartoffelpuffer med eplemos: Tyske potetpannekaker, bestemors yndlingsmiddag», Verdensmat (på engelsk), henta 16. juli 2020 
  6. NRK (20. januar 2014), «Pannekaker med poteter i røren», NRK (på norsk bokmål), henta 16. juli 2020 
  7. «Polske potetpannekaker – polish placki kartoflane», millasmat.com (på norsk bokmål), henta 16. juli 2020 
  8. «Mashed potato pancake recipe». All-about-potatoes.com. Arkivert frå originalen 18. februar 2012. Henta 25. desember 2011. 
  9. Moose, Debbie (15. september 2014). Southern Holidays: a Savor the South® cookbook. UNC Press Books. ISBN 978-1-4696-1790-9.