Søtpotet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Søtpotet
Rotknollar av søtpotet

Søtpotet (Ipomoea batatas) er ei fleirårig, krypande urt som høyrer til vindelfamilien. Ho liknar på potet, men er ikkje av same familie, derimot av same orden; Solanales. Rotkonollane har ei avlang form og er ofte større enn potetknollane, med raudrosa eller kvitt skal og kvitt eller gult fruktkjøt. Søtpoteta har ein søtleg smak og er rik på mellom anna A-, C- og E-vitaminar. Søtpoteta vert tillaga på same måten som poteta.

Søtpoteta har truleg sitt opphav i Sør-Amerika, der ho har vorte odla fram gjennom kanskje 5 000 år. I Polynesia er det opplysningar om at søtpoteta har vore dyrka der allereie kringom 1250. Planta vart introdusert i Kina i 1694. I dag vert søtpoteter dyrka i land med tropisk og varmt temperert klima, dersom tilgangen på vatn er tilstrekkeleg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Søtpotet