Poyangsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Poyangsjøen ligg der Gan Jiang renn ut i Chang Jiang.

Poyangsjøen (kinesisk: 鄱阳湖, pinyin: Póyáng Hú), som ligg i provinsen Jiangxi, er den største ferskvassinnsjøen i Folkerepublikken Kina. Han har eit overflateområde på 3 585 km² og eit volum på 25 km³. Avhengig av regntida varierer arealet fra 1 000 km² til 4 400 km². Største lengde 170 km og på det breiaste er han 17 km. Gjennomsnittsdjupna er åtte meter.

Elvane Gan og Xiu renn ut i innsjøen, som er knytt til Chang Jiang ved ein kanal. Innsjøen gir habitat for ein halv million trekkfuglar, av 124 artar. I alt 224 km² av habitatet har Ramsar-vern, og området har 45 pattedyrartar og om lag 80 amfibiar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]