Chang Jiang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ved Shigu i Yunnan endrar elva kurs frå sørgåande til nordgåande.
frå Chang Jiangs midtre løp
Jinsha Jiang blir omdirigert hit.

Chángjiāng ( 長江  , Cháng Jiāng, Ch'ang Chiang; «Lang elv») i Kina er den lengste elva i Asia og den tredje lengste i verda, etter Amazonas i Sør-Amerika og Nilen i Afrika. Elva er òg kjent som Yangtze ( 揚子江  , Yángzǐ Jiāng eller Yangtze Kiang), og det øvre elveløpet blir kalla Jinsha. Namnet Yangzi vart opphavleg brukt lokalt om den nedre delen av elveløpet. Men ettersom dette var det første namnet som kristne misjonærar vart kjent med, vart Yangtze raskt nytta utanlands om heile elva. I Vesten, og særleg i Frankrike, kan ein av og til høyre namnet Den blå elva (fransk: Fleuve Bleu).

Elva er omkring 6 300 km lang. Ho blir sett på som skiljet mellom Nord- og Sør-Kina, men andre ser på elva Huang He, eller elva Huai He, som dette skiljet.

Chang Jiang renn ut i Austkinahavet. Elva er hovudtransportåre for gods frå innlandet og til kysten i Kina.

Det har vore eit stort problem at elva har gått over breiddene sine.

Ei rad større byar ligg langs eller tett innved Chiang Jiang: Yibin, Panzhihua, Luzhou, Chongqing, Yichang, Jingzhou, Shishou, Yueyang, Xianning, Wuhan, Ezhou, Huangshi, Huanggang, Chaohu, Chizhou, Jiujiang, Anqing, Tongling, Wuhu, Hefei, Chuzhou, Ma'anshan, Taizhou, Yangzhou, Zhenjiang, Nanjing, Nantong og Shanghai.

Mellom dei større sideelvane er Xiang Jiang, Lishui, Yalong, Zi Jiang, Yuan Jiang, Yuan og Han.

I 2006 opna Tre kløfter-demninga, eit av dei største vassmagasina i verda. Anlegget gjev den største vasskraftproduksjon i verda med ein installert kapasitet på 18.200 MW.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Nedbørsfeltet til Yangtze

Elva har sine kjelder i ein isbre vest for fjellet Geladandong i fjellkjeda Dangla i den austlege delen av Tibetplatået. Ho renn gjennom dei austlege delane av provinsen Qinghai og snur så sørover og borar seg i ei djup dalfure langs Sichuans grense mot Den autonome regionen Tibet og inn i provinsen Yunnan.

Langs dette øvre løpet fell elva frå ei høgde på 5 000 meter til under 1 000 meter. Ho renn så vidare, no nordaustover, til Yibin i Sichuan (der 305 moh). Lengre opp er elva ikkje lenger farbar med elvebåtar anna enn i kortare strekk.

Elvekløft før dammen i dei tre kløftene vart fylt.

Ved Chongqing har elva allereie kome ned til 192 moh. Mellom Chongqing og Yichang (40 moh), ein distanse på om lag 320 km, følgjer elva gjennom Yangtzekløftene, men det avsnittet er ikkje lenger dramatisk då dei strie straumane er blitt kjempeinnsjøen som er skapt bak demninga i dei tre kløftene.

Langs heile løpet får elva tilløp frå mange andre elver. På ferda si gjennom provinsen Hubei får Yangtze meir vatn frå tusenvis av innsjøar. Den største av dei er Dongtingsjøen, som ligg ved grensa mellom Hunan og Hubei og som i sin tur har blitt mata av dei fleste av elvane i Hunan. Ved Wuhan møter ho den aller største sideelva, elva Han, som fører vatn frå så langt unna som det sørlege Shaanxi.

I den nordlege delen av provinsen Jiangxi ligg Poyangsjøen, den største innsjøen i Kina Han har Yangtze som utløp. Elva renn så nord- og austover gjennom provinsane Anhui og Jiangsu, mottar endå meir tilløp frå tallause mindre innsjøar og elvar, og når så til slutt Austkinahavet ved Shanghai.

Fire av Kinas fem største ferskvassjøar bidreg til vassføringa i Yangtze.

Det er vanleg å dele inn elva i fire avsnitt:

Yangtze ved Nanjing.
  • Den aller øvste delen heiter ikkje eingong Yangtze på kinesisk, og gjeld elva frå fjella og ned til Yibin. Denne delen vert kalla Jinsha. Det tibetanske namnet, som blir aktuelt dess høgre opp ein kjem, er Dri Chu («Ku-elva», og kua er då ein jak).
  • Ved Yibin møtes elvane Jinsha og Min, og herfrå heiter elva Changjiang («Den lange elva»). Namnet Yangtze er eigentleg ikkje så vanleg i Kina, og blir mest brukt lenger nede. Avsnittet frå Yibin til Yichang blir kalla Yangtzes øvre løp.
  • Avsnittet frå Yichang til Hukou, der Poyangsjøen møter elva, blir kalla midtre løp.
  • Avsnittet frå Hukou og ned til utløpet er Yangtzes nedre løp. Her blir dei kinesisk namna Chang Jiang og Yangtze nytta nesten om kvarandre.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Sutongbrua mellom Suzhou og Nantong.
  • Dai Qing: The river dragon has come! The Three Gorges Dam and the fate of China's Yangtze River and its people, Sharpe, Armonk NY 1997, ISBN 0-7656-0205-9
  • Torbjørn Færøvik: Kina - ein reise på livets elv, Reisedokumentar frå NRKs Kina-ekspert som kåserer seg oppover elva om Kinas historie kultur og natur ISBN 82-525-5018-5
  • Van Slyke, Lyman P. Van Slyke: Yangtze: nature, history, and the river. A Portable Stanford Book. 1988. ISBN 0-201-08894-0
  • Simon Winchester: The River at the Center of the World: A Journey up the Yangtze & Back in Chinese Time, Holt, Henry & Company, 1996, hardcover, ISBN 0-8050-3888-4; trade paperback, Owl Publishing, 1997, ISBN 0-8050-5508-8; trade paperback, St. Martins, 2004, 432 sider, ISBN 0-312-42337-3