Pravda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Forsida på Pravda frå 16 mars 1917.

Pravda (Пра́вда, russisk for «sanning») er ei dagsavis på russisk som var det offisielle talerøyret for Sovjetunionens kommunistiske parti, og soleis òg det offisielle talerøyret for styresmaktene i Sovjetunionen, i tida frå 1918 til 1991. Avisa vart skipa som ei arbeidaravis i St. Petersburg i 1912, men vart flytta til Moskva i 1918.

Etter at Sovjetunionen vart oppløyst, har ei gruppe journalistar skipa ei internettside som nyttar same namnet, medan papiravisa Pravda vart seld til greske investorar. Avisa kjem framleis ut i Moskva.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]