Prievidza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Prievidza
Treeiningsmonument i Prievidza
Treeiningsmonument i Prievidza
Plassering
Prievidza is located in Slovakia
Styresmakter
Land Flag of Slovakia.svg Slovakia
Kraj Trenčín kraj
Først nemnd i 1113
Borgarmeister Ján Bodnár
Geografi
Flatevidd
 - By

43,063 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

51 201
  1 189 /km²
Koordinatar 48°46′16″N 18°37′18″EKoordinatar: 48°46′16″N 18°37′18″E
Høgd over havet 280 moh
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 971 01
Retningsnummer (tlf) +421-46
Bilnummer PD
Nettstad: www.prievidza.sk

Prievidza (ungarsk Privigye, tysk Priwitz) er ein by sentralt i det vestlege Slovakia. Han har om lag 50 000 innbyggjarar og er ein av dei største byane i Trenčín kraj.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart nemnt første gongen i 1113 som Preuigan. Han fekk status som fri kongeleg by i 1383. Sidan 1500-talet utvikla handverkaryrket seg i Prievidza. Frå 1500-talet til første del av 1600-talet kontrollerte familen Thurzo byen. Det osmanske riket kom til byen frå sør og brende han ned i 1599, i lag med andre byar i den øvre Nitradalen. Under Kuruc-opprøret i 1673 vart Prievidza sett i brann igjen, og brannen tok delar av byarkiva. I 1870 hadde han 2719 innyggjarar.

Frå slutten av 1800-talet og byrjinga på 1900-talet har industrien vokse i byen etter at jernbanen først kom hit. I den andre verdskrigenj var byen ein av sentra til den slovakiske motstandsrørsla. Etter slutte av krigen voks folketalet kraftig i lag med industrien frå 5000 til rundt 53 000. Prievidza vart bustad for mange gruvearbeidarar som fann arbeid i nærliggande kolgruver, kraftstasjonar og ein kjemisk fabrikk nær byen Nováky.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]