Tatrafjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tatrafjella
Panorama over Tatrafjella

Tatrafjella eller Tatra (slovakisk og polsk Tatry) er ei fjellkjede som dannar ei naturleg grense mellom Slovakia og Polen. Ho dekkjer eit areal på 750 km² og størstedelen (600 km²) ligg i Slovakia. Det høgaste fjellet er Gerlachovský štít på 2655 moh og ligg i Slovakia. Den nordvestlege toppen av Rysy (2499 moh) er det høgaste fjellet i Polen.

Tatrafjella består av:

Tatrafjella er den høgaste fjellkjeda i Karpatane. Sjølv om ho er langt mindre enn Alpane har ho ein alpin utsjånad. Denne eigenskapen, samt at dei er lett tilgjengeleg, gjer dei til populære fjell hos turistar og forskarar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Området er eit velkjent vintersportområde med skistader som Poprad og Vysoké Tatry i Slovakia som vart grunnlagd i 1999 og som inkluderer tidlegare separate skistader som Štrbské Pleso, Starý Smokovec og Tatranská Lomnica), og Zakopane, «vinterhovudstaden» i Polen.

Høge Tatra har 24 toppar over 2500 moh og er i lag med Dei sørlege Karpatane dei einaste fjella i Karapatane med ein alpin karakter.

Štrbské Pleso i Høge Tatra i Slovakia

Tatrafjella er skilde frå ei anna slovakisk fjellkjede kalla Dei låge Tatrafjella (slovakisk Nízke Tatry), som ligg sør for Tatrafjella. Stundom vert derimot uttrykket nytta om begge desse fjellkjedene.

Landskap[endre | endre wikiteksten]

Tatrafjella (særleg Høge Tatra) er form av fire istider. Den mest omfattande transformasjonen vart danna av ein 100-230 meter tjukk isbre, noko som kjem til syne av dei mange botnane og fjellvatna. Fjella vart forma av isbreerosjon som har danna menge dei alpine klippeveggane. Nokre av desse er opp til 1000 meter høge.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Fjella ligg i den tempererte sonen i Sentral-Europa. Dei er ein viktig barriere for luftmassar i området. Topografien skapar eit variert klima i regionen.

Effekten av global oppvarming i Tatrafjella byrja å merkast i 1980-åra.

Vind[endre | endre wikiteksten]

Den gjennomsnittlege vindstyrken på toppane er 6 m/s.

  • sørlege vindar på nordsida
  • vestlege vindar ved foten av Tatrafjella (Orawa-Nowy Targ Basin)
  • fønvind (polsk halny) oppstår oftast mellom oktober og mai. Denne er varm og tørr, men stundom kraftig og kan skape øydeleggingar.

Temperatur[endre | endre wikiteksten]

Temperaturane varierer frå −40 °C om vinteren til 33 °C om sommaren. Temperaturane varierer òg med høgda og er høgare på dei solvendte fjellsidene. På toppane er det normalt 192 dagar med temperaturar under 0 °C.

Nedbør[endre | endre wikiteksten]

Dei største nedbørmengdene finn ein på nordsida. I juni og juli får enkelete stader normalt rundt 250 mm. Nedbør har ein 215 til 228 dagar av året. Torevêr oppstår i snitt 36 dagar i året.

Snødekke[endre | endre wikiteksten]

På toppane kan ein få snødekke på opp til 320 cm i mars. Toppane er stundom dekte av snø året rundt og snøras er vanleg.

Planteliv[endre | endre wikiteksten]

Delphinium oxysepalum frå slekta Delphinium nær Tatranská Lomnica

Fjella har eit varierert planteliv. Dei har meir enn 1000 karplanter, om lag 450 artar mose, 200 artar blåveis, 700 artar lav, 900 artar sopp og 70 artar slimsopp. Det er fem klimatiske vegetasjonssoner i Tatrafjella. Plantefordelinga er avhengig av høgda:

  • opp til 1300 moh: Karpatisk bøkeskog, nesten ikkje noko kratt og urter dekker det meste av skogbotn.
  • opp til 1550 moh. Granskog, små område med kratt og mykje mose.
  • opp til 1800 moh: Fjellfuru, mykje urter.
  • opp til 2300 moh: grassletter
  • frå 2300 moh og oppover: Bar stein og nesten ingen vegetasjon (stort sett lav)

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Tatrafjella har mange dyreartar, 54 artar bjørnedyr, 22 artar turbellaria, 100 artar hjuldyr, 22 kopepodar, 162 artar edderkoppar, 81 artar blautdyr, 43 artar pattedyr, 200 fugleartar, 7 amfibiar og 2 reptilar.

Av pattedyr finn ein tatragemse, murmeldyr, snømus, brunbjørn, ulv, gaupe, kronhjort, rådyr og villsvin. Av fiskeartar finn ein aure og fjellulke.

Av endemiske artar har ein vårfloge, edderkoppen Xysticus alpicola og spretthalar.

Menneskeleg aktivitet[endre | endre wikiteksten]

Øydeleggingar etter stormen i 2004

Tatrafjella vart på 1700- og 1800-talet nytta som beite for sauer og gruvedrift. Mange tre vart hogd ned, og sjølv om ein har stoppa med dette er det framleis tydelege spor. I dag slit ein derimot med forureining frå industrialiserte område som Kraków, Ostrava og Orava, samt ukontrollert turisme som øydelegg fjella.

Dei slovaiske Tatrafjella nasjonalpark (Tatranský národný park; TANAP) vart grunnlagd i 1949, og den tilstøytande Dei polske Tatrafjella nasjonalpark (Tatrzański Park Narodowy) vart grunnlagd i 1954. Begge områda vart ein del av UNESCO si biosfærereservatliste i 1993.

19. november 2004\ vart store skogområde i den sørlege delen av Høge Tatra øydelagd av ein kraftig storm. Tre millionar kubikkmeter tre rotvelta, to menneske omkom og fleire landsbyar vart totalt isolert. I tillegg vart områda øydelagd av skogbrann i tida etter og det vil ta mange år før det lokale miljøet er fullt ut på fote att.

Fjelltoppar[endre | endre wikiteksten]

Batizovský štít oppfor vatnet Batizovské pleso
Dei austlege Tatrafjella:
Fjelltoppar i Dei vestlege Tatrafjella
Dei vestlege Tatrafjella:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 49°10′N 20°08′E