Professor Layton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Professor Layton
Sjanger Gåtespel
Utviklar Level-5
Utgjevar Level-5/ Nintendo
Plattform Nintendo DS, 3DS
Fyrste spel Professor Layton and the Curious Village
Siste spel Professor Layton and the Mask of Miracle
Nettstad www.professorlaytonds.com

Professor Layton (レイトン教授 Reiton-Kyōju) er ein dataspelserie innan gåtesjangeren som er utvikla av Level-5. Serien utgjer fem spel og ein film. Dei første tre spela i serien handlar om eventyra Professor Layton og Luke opplever saman. Dei neste tre spela og dei to filmane går bakover i tid og handlar om korleis Luke og Layton møttest i byrjinga og eventyra deira i denne perioden. Berre den første trilogien er tilgjengeleg utanfor Japan, men Level-5 har uttalt at dei skal eksportere dei andre spela og filmane etter kvart.

Kvar tittel er basert på ein serie av gåter og mysterium gjevne av dei ulike innbyggjarane i byane som hovudpersonane vitjar. Det trengst ikkje å løyse alle oppgåvene for å kome vidare, men nokre er obligatoriske, og på visse punkt i spelet må ein ha løyst eit gjeve tal oppgåver før historia skal kunne halde fram.

Serien har blitt ein av dei mest vellykka seriane til Nintendo DS, med eit totalt sal av Professor Layton-spel på 10 millionar einingar i oktober 2010.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Professor Layton har opphav i interessa Akihiro Hino hadde til Mental Gymnastics i barndommen, ein gåtebokserie som har seld over 12 millionar eksemplar i Japan.

Hovudpersonen i spelet er Professor Hershel Layton, ein kjent arkeolog og ein gentleman med gode manerar. Han er kalla inn for å løyse ulike mysterium ulike stader. Han er alltid følgd av lærlingen sin, Luke Triton, ein munter og nyfiken gut som tilfører historia om Layton eit snev av humor. Ifølgje Hino er Layton delvis inspirert av Phoenix Wright frå Ace Attorney-serien, som vil betre dei «dårlege sidene» til Phoenix sin karakter ved å utvikle Layton.[2]

Spel[endre | endre wikiteksten]

  1. Professor Layton and the Curious Village (レイトン教授と不思議な町) [3]
  2. Professor Layton and Pandora's Box (レイトン教授と悪魔の箱) [4]
  3. Professor Layton and the Lost Future (レイトン教授と最後の時間旅行)
  4. Professor Layton and the Specter`s Flute (レイトン教授と魔神の笛)
  5. Professor Layton and the Mask of Miracle (レイトン教授と奇跡の仮面)

Det har også vore ein «venleg versjon» av The Curious Village, der alle dei vekentlege gåtene var låst opp, og spelet var enklare for dei som sleit litt i starten. For Pandoras Box, har dei berre i Japan "Level-5 Premium Silver / Gold" samlingar på Nintendo DS inkludert den eksklusive side-historia, "Professor Layton and London Holiday" (レイトン教授とロンドンの休日) i tillegg til sjølve spelet og eit anna Level-5 spel, Inazuma Eleven. The Holiday in London inneheld ti gåter, nokon som er frå det første spelet, og ei kort historie, som skjer på Professor Laytons kontor i London, der han fortel om sine tidlegare eventyr rundt om i verda.

Eit nytt Professor Layton mobiltelefonspel skal kome ut omtrent samtidig som det femte spelet, men det er ikkje kjend når spelet vil komme ut i Amerika.

Professor Layton VS Gyakuten Saiban er eit crossoverspel blanda med Ace Attorney- og Professor Layton-serien; Capcom og Level-5 utviklar spelet saman og skal publisere det på Nintendo 3DS. Det er skildra som ein kombinasjon av to typar spel: gåteløysing og kriminal etterforsking. Shu Takumi, den viktigaste forfattaren av dei originale Ace Attorney-spela, skal skrive manuset til dette spelet.[5]

Omgjevnader og personar[endre | endre wikiteksten]

Spelet finn stad i og rundt dagens London. Hovudpersonen er Hershel Layton, professor i arkeologi på det oppdikta Gressenheller University, som er stolt av sin polerte opptreden og meistring av gåter. Etter hendingane i The Curious Village, er Layton følgd av Flora Reinhold som hjelper med å rydde kontoret til Professor Layton på universitetet, men også har lyst til å bli med på Laytons eventyr. Layton treffer ofte på politisjefen på Scotland Yard, Inspector Chelmey, i sine eventyr. Layton møter også på ein gåverik oppfinnar, Don Paolo, som er ein meister i forkledning. Han meiner også at han er erkesnemesisen til Layton, fordi han mista sin ungdoms-kjærleik, Claire, til Laytons sjarm. I den etterfølgjande trilogien blir Laytons tidlegare assistent, Emmy Altava, med på Luke og Laytons eventyr.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Spela og dei andre media i Professor Layton-serien har ikkje ein overordna struktur eller direkte tilknyting til kvarandre, men følgjer ei kronologisk rekkjefølgd gjennom utsjånad av figurar som har vore med før og kjem tilbake.

The Curious Village[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Professor Layton and the Curious Village.

Det fyste spelet i serien blei gjeve ut på Nintendo DS i Japan, 2007, og lokalisert andre stader i 2008. Layton og den unge assistenten hans, Luke, er invitert til den vesle landsbyen St. Mystere, av familien til Baron Augustus Reinhold, for å finne ut løyndommen bak testamentet hans, der han erklærte at den som finn Det Gyldne Eplet, som er gøymt i landsbyen, får heile formuen hans. Spelaren kan løyse over 130 gåter for å finne ut om sanninga bak St. Mystere.

Pandoras Box[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Professor Layton and Pandora's Box.

Det andre spelet i serien blei gjeve ut på Nintendo DS i Japan, 2007, og lokalisert andre stader i 2009. Det er kjend i USA som The Diabolical Box. Det byrjar med at professoren og Luke reiser for å møte den gamle mentoren til Layton, Dr. Schrader, som har sendt duoen eit brev som detaljert fortel at han skal kvitte seg med The Elysian Box, ei øskje som er kjend for å drepe alle som prøver å opne ho. Når dei går inn i leilegheita til mentoren, ser dei at han ligg død på golvet og øskja er borte. Det einaste sporet som ligg att er ein togbillett til toget The Molentary Express, utan nokon fastsett destinasjon. Dei byrjar straks etterforskinga for å finne ut meir om skjebnen til Dr. Schrader, og kvar Pandoras Box kan vere. Spelaren kan løyse 153 ulike gåter.

The Lost Future[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Professor Layton and the Lost Future.

Det tredje spelet i serien blei gjeve ut på Nintendo DS i Japan, 2008, og lokalisert andre stader i 2010. Det er kjend i USA som The Unwound Future. Spelet startar med at Luke får eit brev som ser ut til å vere sendt frå han sjølv ti år fram i tid, berre ei veke etter ei ulykke der Dr. Stahngun hadde ein mislykka demonstrasjon av ein tidsmaskin som fekk både han og Statsministeren til å forsvinne. Luke og Layton reiser til ein forlaten del av byen for å etterforske ein klokkebutikk, men når dei skal gå ut finn dei ut at dei er sendt ti år fram i tid til Future London. Spelaren kan løyse 168 nye gåter for å finne ut av mysteriet. Dette spelet er for tida det siste spelet i serien kronologisk.

The Spectres Call[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Professor Layton and the Spectres Call.

Det fjerde spelet i serien blei gjeve ut på Nintendo DS i Japan, 2009, og lokalisert andre stader, hausten 2011. Det er kjend i USA som The Last Specter Det er, kronologisk, det fyste spelet i serien, der Layton treffer på ein mystisk, mørk og dyster by kjend som Mist Haley, der det er legender om ein stor, skuggefull kjempe som passar på området kvar gong fløyta hans blir spelt på, for å påkalle han. Men nyleg har figuren byrja å angripe byen, og det er opp til Professoren, ein ung gut frå byen som heiter Luke Triton, som er tungt involvert i legenda om Spekteret, og ein tidlegare kollega som heiter Emmy Altava, å finne ut kvifor spøkjelset har endra seg slik det har. Dei undersøkjer byen and det Siste Spekter saman, og, mens dei gjer det, løyser dei 170 gåter. Spelet inkluderer også ein RPG som heiter London Life. Det var laga saman med Brownie Brown.

The Eternal Diva[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Professor Layton and the Eternal Diva.

Den første filmen baserd på spela, utgidd i Japan, 2009 og i StorBrittania, 2010. Kronologisk, blir handlinga i historia tatt plass etter Spectres Call, uansett om historia er fortald som ei tilbaketenking på ein plass mellom Pandoras Box og Lost Future (historia i tilbaketenkinga, var tre år før).

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Westbrook, Logan (2010-10-20). "Prof. Layton/Phoenix Wright Crossover Only For Japan, Capcom Says" . The Escapist. Besøkt 2010-10-20.
  2. Fahey, Rob (2010-10-19)."Inafune surprised Layton/Wright happened". Eurogamer. Besøkt 2010-10-21.
  3. "Level 5's new game's genre is unknown? New style game to train your brain" (på japansk). Famitsu. Besøkt 2008-01-02.
  4. "Layton Kyoju and the Devil's Box becomes a movie quality"(på japansk). Famitsu. Besøkt 2008-01-02.
  5. Yin-Poole, Wesley(2010-10-19).Prof. "Prof. Layton VS Phoenix Wright is real". Eurogamer. Besøkt 2010-10-19.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]