Nintendo 3DS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nintendo 3DS

Nintendo 3DS (ニンテンドー3DS) er ein handhalden spelekonsoll produsert av Nintendo. Masinen kan gje ein 3D-effekt frå den øvste skjermen med hjelp av autostereoskopi, dette utan at ein treng spesialbriller.[1] Nintendo 3DS er kompatibel med programvare frå Nintendo DS-serien, inkludert Nintendo DSi-programvare.[1] Konsollen vart annonsert mars 2010 og offisielt avduka under E3-messa i juni same året.[1][2] Nintendo 3DS er etterfylgjaren til Nintendo DS-serien av handhaldne spelekonsollar.

Konsollen vart lansert 26. februar 2011 i Japan, 25. mars 2011 i Europa og 27. mars 2011 i Nord-Amerika.[3][4] Nintendo annonserte 28. juli 2011 at dei ville redusera prisen på Nintendo 3DS. Priskuttet tredde i kraft 12. august 2011, og dei som hadde kjøpt konsollen til den opphavlege prisen fekk 10 gratis Nintendo Entertainment System-spel og 10 gratis Game Boy Advance-spel gjennom tenesta Nintendo eShop.[5]

Nintendo har den 30. juni 2012 selt 19 millionar 3DS-konsollar. Av dette 6,76 millionar i Japan og 6,41 millionar i Nord-Amerika.[6] Ein ny versjon av konsollen, kalla Nintendo 3DS XL, vart annonsert 21. juni 2012. Denne har 90 % større skjermar enn den originale versjonen.

Kjelder [endre]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Launch of New Portable Game Machine» (PDF). Nintendo. 23. mars 2010. http://www.nintendo.co.jp/ir/pdf/2010/100323e.pdf. Henta 23. mars 2010. 
  2. Tabuchi, Hiroko (March 23, 2010). «Nintendo to Make 3-D Version of Its DSi Handheld Game». Arkivert frå originalen den 2010-01-16. http://web.archive.org/web/20100116015556/http://www.e3expo.com/media/86/e3-expo-fact-sheet/. Henta 2010-04-24. "It takes place June 15~17, 2010, at the Los Angeles Convention Center." 
  3. «Nintendo's 3DS Hits the U.S. On March 27 for $249.99». Kotaku.com. 2011-01-19. http://kotaku.com/5737568/nintendos-3ds-hits-the-us-on-march-27-for-24999. Henta 2012-07-07. 
  4. «Nintendo's 3DS Hits Europe On March 25». Kotaku.com. 2011-01-19. http://kotaku.com/5737640/nintendos-3ds-hits-europe-on-march-25. Henta 2012-07-07. 
  5. «What Do You Think About Nintendo's Big 3DS Announcement?». IGN DS. IGN. July 28, 2011. http://ds.ign.com/articles/118/1184688p1.html?RSSwhen2011-07-28_043200&RSSid=1184688&utm_source=feedburner&utm_medium=feed&utm_campaign=Feed%3A+ignfeeds%2Fds+%28IGN+DS%29&utm_content=Google+Reader. Henta 2011-07-28. "In an astounding and unexpected set of announcements, Nintendo took a huge leap in righting the wrongs of the 3DS' shaky launch. The system, which released in the US on March 27 with a hefty $250 dollar price tag, will see a massive price cut to $170 come August 12." 
  6. «Consolidated Sales Transition by Region» (PDF). Nintendo. 2012-07-24. http://www.nintendo.co.jp/ir/library/historical_data/pdf/consolidated_sales_e1206.pdf. Henta 2012-07-26. 

Bakgrunnsstoff [endre]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nintendo 3DS