Prosesjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein religiøs prosesjon, ein buddhistisk vesakprosesjon, i Indonesia.
Prosesjon i Salta i Argentina.

Prosesjon (frå latin procedere, 'å gå framover') er eit høgtideleg ritual eller ein seremoni, ofte av religiøs art, der ei gruppe menneske går etter kvarandre i tog i samsvar med fastsette reglar for framgangsmåte og utstyr. Òg i ikkje-religøs samanhang vert det skipa til prosesjonar av ulike typar ved særlege høve, som til dømes ved universiteta under særlege festdagar, då akademiske leiarar og professorar kan gå i prosesjon kledd i sine uniformerte festklede; dette er meir vanleg i fleire andre land enn i Noreg.

Dersom prosesjonen er av ein type som har eit politisk føremål, nyttast nemningar som demonstrasjonstog og liknande, ikkje nemninga prosesjon. Andre ord for særlege typar av prosesjonar er mellom anna parade, til dømes militærparade.

Bakgrunnssstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Prosesjon
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.