Buddhismen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Buddhisme)

Buddhismen
Buddha
Buddha

Viktige skrifter
vadsjrajana-kanonen - pali-kanonen - mahayana-sutraene
Utøving
meditasjon - truvedkjenning

Høgtider: månefestar - vesak - vulan

Buddhistiske retningar
mahayana - theravada - tibetansk buddhisme - zen
Personar
Asjoka - Huineng - Nagarjuna - Padmasambhava
Titlar
bhikkhu/bhiksju - bodhisattva - lama

Buddhismen er ein religion og filosofi basert på læra til Buddha, Siddhartha Gautama, som levde rundt år 500 f. Kr. og verka i Nord-India. Religionen spreidde seg til resten av Sør, Sentral-, Søraust og Aust-Asia, der han tok i seg innfødde tradisjonar. I moderne tid er også folk frå vestlege land blitt interesserte i buddhismen.

Læra tek utgangspunkt i livet me lever på jorda (samsara) som ein pinefull sirkel det er om å gjera å lausriva seg frå (nirvana). Dette kan ein oppnå ved å gjera gode gjerningar og ved å oppnå klår tenking. Dersom ein klarer å opna augo for korleis livet på jorda er eit band som gjev mest smerte, vil ein kunne lausriva seg og oppnå ro, oppvakning og samstundes utslokking. Den buddhistiske læra legg vekt på dei grunnleggjande reglane om å visa måtehald og unngå å skapa smerte.

Buddhistar meiner at det er irrelevant om det finst nokon overnaturleg skapar som skal dømma menneske etter at dei er daude, det er med andre ord ein agnostisk religion. På den andre sida lærer buddhismen om mange overnaturlege vesen,[treng kjelde] og ein tilber buddhastatuar og andre heilage figurar på om lag same måte som ein tilber bilete av Jesus og helgenar i kristendomen.[treng kjelde]

Sentral lære[endre | endre wikiteksten]

Dei fire edle sanningane[endre | endre wikiteksten]

Dei fire edle sanningane er ein viktig del av læredimensjonen i buddhismen. Buddha la dei fram for 2500 år sidan i ein kjend tale i Hjorteparken ved Sarnath utanfor Benares. Dei er Buddha si analyse av verkelegheita og menneska. Dei to fyrste sanningane kan bli sett på som ein «diagnose», medan dei to siste er «resepten» som Buddha meiner er riktig for mennesket. Dei fire edle sanningane er:

  • Sanninga om misnøyet - Siddharta Gautama (seinare kjend som Buddha) såg som ung ein gamal mann, ein sjuk mann og eit lik. Dette fekk han til å undra seg over dei grunnleggjande samanhengane i livet. Han såg at livet var prega av misnøye, og meinte at ein ikkje kan leva utan å oppleva å vera utilfreds. Han meinte også at ein ikkje skal jaga lykka, ettersom dette berre vil gjere eit menneske meir utilfreds av di inga lykke er uforanderleg eller varig.
  • Sanninga om opphavet til misnøyet - Buddha meinte at misnøyet spring ut frå begjær, som alle menneske opplev og blir drivne av på ulike måtar. Begjæret såg han på som summen av tre haldningar: fåkunne, grådigheit og hat. Han brukte ein flamme som metafor for begjæret; i lengda vil flammen fortæra den som er fylt av begjær.
  • Sanninga om opphøyret til misnøyet - for å få slutt på misnøyet, seier buddhismen at menneska må slutta å ha lyst på ting, og oppnå nirvana, som er ein tilstand utan begjær eller misnøye. Eit bilete ein kan bruke om nirvana er at dette vil sløkke «flamma» eit menneske føler når det opplev begjær.
  • Sanninga om den åttedelte vegen - Buddha si oppskrift for nirvana. Det blir ofte framstilt som eit hjul med åtte eiker. Den består av:
    • Rett innsikt (rett forståing og vilje)
    • Rett moral (rett tale, handling og levemåte)
    • Rett meditasjon (rett søking, merksemd og konsentrasjon)

Dei ti lovnadene[endre | endre wikiteksten]

Dei ti lovnadene i buddhismen er:

1. Å ikkje ta liv

2. Å ikkje ta det som ikkje blir gjeve

3. Å avstå frå forboden seksuell aktivitet

4. Å avstå frå urett tale

5. Å avstå frå rusande drikker

6. Å avstå frå fast føde etter kl. 12

7. Å avstå frå musikk, dans, skodespel og anna underhalding

8. Å avstå frå parfyme og smykke

9. Å avstå frå å sove i høge og mjuke senger

10. Å avstå frå kontakt med pengar og verdisaker.

Når det gjeld den tredje lovnaden om seksuell aktivitet, er det forskjellege reglar for ulike grupper innanfor buddhismen. For lekfolk vil det fyrst og fremst seie at seksuelt samliv høyrer til i ekteskapet. For munkar og nonner er all seksuell aktivitet forboden. Grunnen til den niande lovnaden om høge og mjuke senger er at dette blei sett på som eit symbol for luksus på Buddha si tid. Derfor skal munkar og nonner avstå frå dette.

Fellesskapet Sangha[endre | endre wikiteksten]

Det buddhistiske fellesskapet blir kalla Sangha og «den firedelte fellesskapen». Det er dei ordinerte, som er munkar og nonner, og lekfolk (leke menn og leke kvinner). Dei som sluttar seg til buddhismen og blir ein del av denne fellesskapen gjer det ved å «ta dei tre tilfluktene», som også er kalla «dei tre juvelane». Dei tre tilfluktene er:

«Eg tek mi tilflukt til Buddha.

Eg tek mi tilflukt til læra (dharma).

Eg tek mi tilflukt til fellesskapen (sangha).»

Lekfolket lever vanlege liv samtidig som dei prøvar å praktisera religionen på best mogleg måte, medan munkane og nonnene skal bruke alle krefter og all si tid på å leve etter læra i buddhismen. Ein blir fyrst ordinert til novise, der ein går i lære hos munkar eller nonner og må bli godkjent av desse. Ein mann treng å bli godkjent av munkar, medan kvinner må bli godkjent av båe munkar og nonner. Ein kan deretter bli ordinert vidare til munk eller nonne. Mange lever som dette heile livet, men det er lov å ombestemma seg og gå tilbake til å leva eit vanleg liv. Det er også vanleg at unge menn i til dømes Thailand let seg ordinerast for ein viss periode. I mange miljø gjev dette status og blir sett på som ein god start på det vaksne livet.

Munkane og nonnene skal leve enkelt. Dei får berre ete eit måltid med fast føde om dagen, som skal vera på formiddagen. Dei får ikkje eiga meir enn tre sett med klede og nokre få eigedelar. Dei brukar mykje tid på å meditera over Buddha sitt liv og lære. Mange kloster har bibliotek med store skriftsamlingar.

Dei kan også gjere ulikt arbeid som er til nytte for samfunnet. Munkane og nonnene kan til dømes drive undervisning og dyrking og forskning på plantar og urter. Dei kan drive sosiale prosjekt slik som rehabilitering av innsette som har sona ferdig. Det er lettare å få seg arbeid etter å ha vore i eit kloster enn dersom ein kjem rett frå fengsel, ettersom dei der får ein strukturert kvardag, får gjere praktiske oppgåver og læra å helde seg vekke frå meir kriminalitet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gunnar Heiene, Bjørn Myhre, Jan Opsal, Harald Skottene, Arna Østnor (2014). Anja Zwiky, red. TRU OG TANKE (2 utg.). H. Aschehoug & Co. (W. Nygård). s. 88-113. ISBN 978-82-03-34811-2. 
Spire Denne religionsartikkelen som har med buddhisme å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.