Provinsen Siena

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Provinsen Siena
Nasjon Flag of Italy.svg Italia
Region Toscana
Hovudstad Siena
Areal 3 821 km²
Folketal (2004) 194 440
Folketettleik 51/km²
Kommunar 36
Bilnummer SI
Postnummer 53010-53100
Retningsnummer (tlf) 0577, 0578
President Fabio Ceccherinili
Siena posizione.png
Plasseringa til Siena i Italia


Provinsen Siena (italiensk Provincia di Siena) er ein provins i regionen Toscana i Italia. Hovudstaden er byen Siena. Han har eit areal på 3 821 km² og totalt 194 440 innbyggjarar (2004). Det er 36 kommunar i provinsen og dei største av desse er:

Kommune Innbyggjarar
Siena 54 337
Poggibonsi 28 634
Colle di Val d'Elsa 20 276
Montepulciano 14 142
Sinalunga 12 335
Sovicille 8 882
Chiusi 8 746
Monteriggioni 8 189
Castelnuovo Berardenga 8 081
Monteroni d'Arbia 7 548
San Gimignano 7 473
Torrita di Siena 7 305
Chianciano Terme 7 221

Provinsen er åslendt og i nord ligg Monte del Chianti. Monte Amiata er det høgaste punktet på 1 738 meter over havet. I sør ligg Monte Cetona og i vest Colline Metallifere, medan Val di Chiana ligg i aust.

Historisk er provinsen ein del av den tidlegare republikken Siena.

Val d'Orcia med Monte Amiata, utsyn vestover frå La Foce

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]