Folketal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Folketal, innbyggjartal, folkemengd, folkesetnad eller befolkning blir oftast brukt for å visa til kor mange menneske som held til innanfor eit geografisk område.

Folketalet i verda har auka mykje sidan den industrielle revolusjonen og moderne jordbruk vart innført.

Folketalet passerte:

  • 1 milliard om lag i år 1800
  • 2 milliardar om lag i år 1930
  • 3 milliardar i år 1960
  • 4 milliardar i år 1975
  • 5 milliardar i år 1987
  • 6 milliardar i år 1999
  • 7 milliardar 31. oktober 2011

I følgje SN kjem folketalet truleg til å passere:

  • 8 milliardar om lag i år 2028

Det vert fødd 4,1 menneske kvart sekund, medan 1,8 menneske døyr (2006).

Det er særleg i dei mindre utvikla landa folketalet aukar mest, og særleg i Asia. I til dømes Pakistan føder kvar kvinne 4.8 born gjennom livet (fødselsrate). I 1950 var folketalet i Pakistan 37 millionar, i 2005 158 millionar, og prognosane til SN seier at det i 2050 vil nå over 300 millionar.

Enkelte utviklingsland, som til dømes Kina, har innført tiltak mot ein ekspansiv folkeauke. Tiltaka har vore omstridde, men det er ting som tyder på at desse landa står sterkare når det gjeld økonomisk framgang og levevilkår for innbyggjarane. I Kina trur SN at folketalet vil halda seg mellom 1,32 og 1,45 milliardar menneske i tida fram mot 2050 og at ein vil nå toppen kring år 2030.

I Afrika har ikkje folkeauken vore så høg til tross for ein særs høg fødselsrate (til dømes 8,0(!) i Niger). Dette har grunnlag i låg levealder og høg dødelegheit på grunn av svakt helsevesen og epidemiar som malaria og AIDS. Også i Afrika er det forventa dobla folkemengd fram mot 2050.

I dei meir utvikla landa har fødselsraten gått markant ned. I Spania og Italia føder kvar kvinne berre 1,3 born. SN trur at folketalet vil gå ned i Italia frå 58 millionar i 2005 til 50 millionar i år 2050. For å halda folketalet oppe reknar ein at fødselsraten må vere om lag 2,1 i land med eit moderne helsevesen. I desse landa ynskjer styresmaktene at fødselsraten skal gå opp for å kunne halda oppe eit stabilt samfunn.

Relativ endring i folketalet mellom folkegrupper kan skyldast folkevandringar, eller ulik fødselsrate, teknologi eller økonomi mellom gruppene. Dette fører ofte til konfliktar og omveltingar. Døme på dette i nyare tid er Libanon, Kosovo og omveltingane i Amerika etter at europearane invaderte dette kontinentet i det 15. og 16. hundreåret.

Folkemengd i verdsdelane[endre | endre wikiteksten]

Verdsdel 1950 2005 2050
Afrika   224   906 1 900
Asia 1 396 3 905 5 200
Europa   547   728   650
Amerika   339   892 1 160
Oseania    12    33    47
Verda 2 519 6 464 9 100

Tabellen syner folketal i millionar fordelt på verdsdelane, kjelde: SN ESA.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Dei sameinte nasjonars divisjon for folkesetnad (som ligg under UN ESA)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]