Psychrofil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tekstur frå psychrofile algar i snø

Ein psychrofil eller ein cryofil er ein organisme som vekst optimalt ved 15 °C eller lågare og ikkje veks i det heile teke ved temperaturar over 20 gradar. Dei er mellom dei vanlegaste ekstremofilane me har, sidan store delar av kloten er dekt av område med middeltemperaturar under 15 °C. Ein finn dei i arktisk, antarktisk og alpin jord, i djuphavet og i fjellvatn, i is og på snøleie.

Dei fleste psychrofilar er bakteriar eller arkar, men ein har òg funne døme på sopp og algar som toler slike kalde temperaturar.

For å verna cellevæska mot å frossa til har psychrofilane ofte gen som kodar for «frostvæskeprotein». Lipida i cellemembranane deira er dessutan ofte kjemisk avvikande frå andre lipid, for å hindra at dei stivnar til.

Ekstremofilar
acidofil | alkalifil | barofil | halofil | osmofil | piezofil | psychrofil | termofil | xerofil |