Pysj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gut og jente i pysj høyrer på radio i 1932.

Pysj, pysjamas eller pyjamas (frå engelsk pyjamas/pajamas av hindustani pāijāma, 'bukser') er ein type nattklede av bukser og ei kort skjorte eller trøye. Tradisjonelt høyrde lange bukser til pysjen, men i nyare tid har ein også teke i bruk kne- og kortbukser.

Pysjen kom til Europa frå tropene på siste halvdel av 1800-talet, og fortrengde etter kvart nattskjorta. Frå 1880-åra byrja kvinner å bruka pysjamas, men kleda blei først vanlege blant kvinner i 1920–30-åra. På denne tida oppstod også strandpysjamas, ein dagdrakt for kvinner med bukser.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pysj

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«pyjamas» i Nynorskordboka

  • Pyjamas (2009, 14. februar), Store norske leksikon. Henta 7. juli 2013.
Spire Denne kledeartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.