Hindustani

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hindustani er nemninga på ei gruppe nærskylde språk i den nordvestre delen av det indiske subkontinentet, særleg hindi og urdu. Språkleg sett skil desse to språka seg frå kvarandre ved at hindi er sterkt påverka av sanskrit, mens urdu er sterkt påverka av arabisk. Påverknaden er synleg på ulike nivå av språka, mest synleg er han i ordforrådet og i skriftsystemet, urdu blir skrive med det arabiske alfabetet og hindi med devanagari.