Qalhat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Qalhat
landsby
Bibi Maryam mausoleum
Land  Oman
Guvernement Ash Sharqiyah Sør guvernement
Koordinatar 22°42′N 59°22′E / 22.700°N 59.367°E / 22.700; 59.367
Kart
Qalhat
22°42′00″N 59°22′12″E / 22.699996°N 59.369896°E / 22.699996; 59.369896
Wikimedia Commons: Qalhat

Qalhat eller Galhat er ein oldtidsby som ligg litt over 20 km nord for Sur, i Ash Sharqiyah Sør guvernement nordaust i Oman.

Det er lite att av oldtidsbyen utanom eit mausoleum for Bibi Maryam. Byen var ein viktig stoppestad for handelen i Indiahavet, og var og den andre byen i kongedømet Ormus.[1] Staden dekkjer meir enn 240 mål og den gamle byen var omgjeven av festningsmurar og hadde hus og butikkar. Ein har funne gjenstandar frå Persia og Kina på staden.[1]

Verdsarv[endre | endre wikiteksten]

Staden fekk status som mogeleg verdsarvstad av UNESCO i 1988.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]