Mausoleum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Mausoleum

Eit mausoleum er ei bygning der eit eller fleire avdøde menneske er gravlagde. Ordet kjem frå den persisk satrapen Mausolos, som fekk bygd ein monumental gravstad for seg sjølv, kjent som mausoleet i Halikarnassos.

Dei jordiske restene av den avdøde kan ligge i sarkofagar, under golvet eller i nisjer i veggane, eller det kan vere urner som er sett inn i eit columbarium.