Quiet Riot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Quiet Riot
Periode 1971–1980
1982–1989
1992–2003
2005–
Sjanger Heavy metal
Glam metal
Medlemmer
Kevin DuBrow (daud)
Frankie Banali
Chuck Wright
Alex Grossi

Quiet Riot er eit amerikansk heavy metal-band.

Bandet blei grunnlagt i 1973 av gitarist Randy Rhoads og bassist Kelly Garni. Bandet klarte ikkje å få platekontrakt i vesten på syttitalet, men gav ut to albumma Quiet Riot (album) og Quiet Riot II i Japan.

Det store gjennombrotet kom i 1983. Bandet, no beståande av vokalist Kevin duBrow, gitarist Carlos Cavazon, bassist Rudy Sarzo og trommeslager Frankie Banali, gav då ut albumet Metal Health. Dette var det fyrste frå heavy metal-genren som gjekk til tops på den amerikanske Billboard-listen. Hovudsingelen, Cum on Feel the Noize (ein cover av Slade), nådde #5 på "top 100"-lista for singlar, noko som på den tid var uhøyrt for eit heavy metal-band.

Året etter gav dei ut albumet Condition Critical, som langt i frå gjorde det like bra. Albumet blei kritisert for å væra for likt forgjengaren (dei hadde med ein annan Slade-cover her, Mama Weer all Crazee Now). Vokalist Kevin duBrow viste seg også å vera ein av bransjens mest storkjefta frontfigurar, og hadde i tida mellom albuma klart å framandgjere det meste av bransjen som skulle støtte opp om albumet.

Bandet fortsette vidare med varierande besettning, men klarte aldri å oppnå same momentum. Etter at vokalist Kevin duBrow døydde i november 2007, er det lite sannsynleg at namnet vil bli nytta meir.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

  • 1977 Quiet Riot
  • 1979 Quiet Riot II
  • 1983 Metal Health
  • 1984 Condition Critical
  • 1986 QRIII
  • 1988 Quiet Riot (1988)
  • 1993 Terrified
  • 1995 Down to the Bone
  • 1999 Alive and Well
  • 2001 Guilty Pleasures
  • 2006 Rehab

Samlealbum[endre | endre wikiteksten]

  • 1990 Winners Take All
  • 1993 The Randy Rhoads Years
  • 1996 Greatest Hits
  • 1999 Super Hits
  • 2000 The Collection
  • 2005 Live & Rare Volume 1
  • 2005 New and Improved

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 1977 «It's Not So Funny»
  • 1979 «Slick Black Cadillac»
  • 1983 «Metal Health»
  • 1983 «Cum On Feel The Noize»
  • 1983 «Slick Black Cadillac»
  • 1984 «Mama Weer All Crazee Now»
  • 1984 «Party All Night»
  • 1984 «Winners Take All»
  • 1984 «Bad Boy»
  • 1986 «The Wild and the Young»
  • 1986 «Twilight Hotel»
  • 1988 «Stay With Me Tonight»
  • 1993 «Little Angel»

Video[endre | endre wikiteksten]

  • 1986 Bang Thy Head
  • 1989 Live in Japan
  • 2003 Live in the 21st Century

Musikkvideoar[endre | endre wikiteksten]

  • «Metal Health» (Metal Health)
  • «Cum on Feel the Noize» (Metal Health)
  • «Mama Weer All Crazy Now» (Condition Critical)
  • «Party All Night» (Condition Critical)
  • «The Wild and the Young» (QRIII)
  • «Twilight Hotel» (QRIII)
  • «Stay With Me Tonight» (Quiet Riot)
  • «Picking up the Pieces» (The Randy Rhoads Years)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]