Randy Rhoads

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Randy Rhoads

Randell William Rhoads (6. desember 195619. mars 1982) var ein gitarist frå USA som har spelt med heavy metal-gruppa Quiet Riot, men som er best kjend som den første gitaristen til Ozzy Osbourne då den tidlegare Black Sabbath-vokalisten byrja si solokarriere.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Randy Rhoads blei født i Santa Monica i California. Faren, William Arthur Rhoads, flytta heimefrå då Randy var 2 år, men heldt kontakt med barna gjennom brev. Mora, Delores Violet Rhoads, dreiv ein musikkskole, slik at barna tidleg fekk tilgang til instrument og musikkunne. Randy starta å spele gitar på bestefaren sin gamle kassegitar då han var sju år. Han tok opphavleg timar i amerikansk folkemusikk, men gjekk seinare over til hard rock/heavy metal. Samstundes var Rhoads interessert i klassisk gitarspel.

Den første gruppa Randy Rhoads spelte i heitte Violet Fox ('Lilla rev'). Han danna gruppa med storebroren og nokre andre skolekameratar då han var 14 år. Bandet spelte for det meste songar som andre band hadde laga, eit såkalla coverband. Seinare, etter fleire bytte av bandnamn og medlemmer, stod dei i 1977 med bandet Qiet Riot.

Quiet Riot gav ut to album med Randy Rhoads, Quiet Riot I og Quiet Riot II. Bandet var på vegen til suksess og begynte å bli vidkjend. I 1983, etter at Randy hadde slutta i bandet kom dei til førsteplassen på Billboard-lista med singelen «Cum on Feel the Noize», som eigentleg var ein song frå bandet Slade.

Karriere med Ozzy Osbourne[endre | endre wikiteksten]

I 1978 blei vokalisten Ozzy Osbourne sparka frå heavy metal-bandet Black Sabbath, som var eitt av dei mest kjente banda på den tida. Året etter byrja han å setja saman ei gruppe til ein solokarriere. Bassisten Dana Strum tala varmt om Rhoads, og han kom på audition for Osbourne. Etter å ha spelt eit par riff blei han tilsett. Osbourne omtalte spelinga til Rhoads som «God entering my life» ('Gud som kom inn i livet mitt'). I november det året spelte gruppa, som kalla seg Blizzard of Ozz, inn eit album med same namn.

Blizzard of Ozz kom ut i 1980 og blei det mestseljande albumet til Ozzy Osbourne. Etter utgjevinga blei Randy Rhoads kalla ein av verdas beste gitaristar.[1] Mange av songane på albumet liknar symfoniar, med piano, fiolin og klassisk gitar. Eit godt eksempel på dette er songen «Relevation (Mother Earth)», der songen startar vanleg med vers og refreng heilt til rundt midten av songen. Resten av songen er klassisk i forma med piano og fiolin, men blir avslutta med gitarsolo på elektrisk gitar.

I 1981 gav Ozzy ut albumet Diary of a Madman. Det blei selt om lag ein tredjedel mindre av dette albumet enn Blizzard of Ozz. På dette albumet er det også mykje klassisk, som på det førre.

Død[endre | endre wikiteksten]

19. mars 1982, under Diary Of a Madman-turneen, døydde Randy Rhoads berre 25 år gammal i ei flyulykke i eit privatfly. Piloten hadde kokain i blodet. Osbourne tok tapet tungt, både personleg og musikalsk. Det første året etter at Rhoads døydde hadde han tre forskjellige gitaristar. Han spelte inn eit konsertalbum til minne om gitaristen, Tribute, fem år etter at han døydde.

Innverknad på andre gitaristar[endre | endre wikiteksten]

Randy har hatt innverknad på mange gitaristar, der den best kjende er Dimebag Darrel.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. I dokumentarserien The Seven Ages Of Rock (norsk Sju historier om rock) blir han kalla den beste gitaristen på den tida.