Slade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slade
Sjanger Hardrock, glamrock
Aktive år 1969–1992 (Slade)
1993 til i dag (Slade 2)
Plateselskap Polydor, RCA, CBS, Cheapskate, Barn
Nettstad www.amazingslade.net
Medlemmer
Dave Hill
Don Powell
John Berry
Mal McNulty
Tidlegare medlemmer
Noddy Holder
Jim Lea
Steve Whalley
Steve Makin
Craig Fenney
Dave Glover
Trevor Holliday

Slade er ei engelsk rockegruppe frå Wolverhampton, starta i 1966. Slade hadde stor suksess på 1970-talet i Storbritannia og Noreg med ein eit humoristisk og aggressivt image og fengande songar med bevisst feilstava titlar. Dei starta ut med glamrock, men gjekk etter kvart over til å spele heavy metal, før dei midt på 1980-talet var attende på hitlistene. Med i bandet var Noddy Holder på vokal, med hatt og kinnskjegg, bassist Jim Lea, som skreiv melodiane, Don Powell på trommer og Dave Hill på gitar.

Bandet start som The N' Betweens, som spelte andre sine pop- og soulsongar. Dei gav ut ein singel i 1966. Bandet flytta så til London og skifta namn til Ambrose Slade, som kort tid etter vart forkorta til Slade. Debutalbumet Beginnings kom ut i 1969, men selde dårleg. Albumet Play It Loud kom ut i 1970, før dei slo igjennom sommaren 1971 med Get Down And Get With It. Den glamrockaktige «Coz I Luv You» med Lea på fele, gjekk til topps hausten 1971 og året etter fekk Slade hits med «Look Wot You Dun» (med Lea på piano), «Take Me Bak 'Ome», «Mama Weer All Crazee Now» og «Gudbuy T' Jane». Sistnemnde vart den første hitten til Slade i Noreg, men trass i mange forsøk i 1972-1973, slo dei aldri igjennom i USA.

I juli 1973 fekk Powell alvorlege hovudskadar i ei bilulukke der kjæraste hans omkom, og han var plaga av minnetap då han kom attende til bandet etter nokre månader. Bandet heldt fram med stor suksess med hittar som «Cum On Feel The Noize», «Skweeze Me Pleeze Me», «My Friend Stan», den moderne juleklassikaren «Merry Xmas Everybody», «Everyday, The Bangin' Man» og balladen «Far Far Away». Sistnemnde er frå filmen Flame frå 1973, der Slade spelte eit rockeband. Den siste store hitten deira var «Thanks For The Memory (Wham Bam Thank You Mam)» frå. Bandet byrja så å spele heavy metal og fekk ein britisk Topp 10-hit med «We'll Bring The House Down» i 1981. Powerballaden «My Oh My» i 1983 vart ein kjempehit i heimlandet og i Noreg, medan «Run Run Away» nådde Topp 20 i USA òg i 1984.

I 1988 hadde Slade gått lei og vart oppløyst, men vart smala att eit halvt års tid i 1991. Noddy Holder satsa så på ein karriere som Tv-skodespelar og programleiar på radio og fjernsyn.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]