R-type-asteroide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

R-type-asteroidar er moderat-lyse og relativt uvanlege asteroidar i det indre beltet som har spektra mellom V- og A-typen. Spektrumet viser spesielle olivin- og pyroksentrekk ved 1 og 2 μm, med ein moglegheit for plagioklas. Ved kortare bølgjelengder enn 0,7 μm er spekteret raudleg.

IRAS-prosjektet har klassifisert 4 Vesta, 148 Gallia, 246 Asporina, 349 Dembowska, 571 Dulcinea og 937 Bethgea som R-type; men reklassifiseringa av Vesta, erke-V-type-asteroiden, er omdiskutert.