Plagioklas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Plagioklas er ei fellesnemning for blandingsrekka mellom albitt og anortitt (kalknatronfeltspat), og er ei triklin feltspat-gruppe som utgjer ein viktig bestanddel av ei rekkje bergartar. Bergarten anortositt består nesten utelukkande (<90%) av anortitt-rik feltspat.

Plagioklasar kan som oftast skiljast frå alkalifeltspat ved ei karakteristisk tvillingstriping på spalteflatene. Dei utgjer ein blandkrystallserie mellom dei to endeledda albitt (natronfeltspat), NaAlSi3O8) og anortitt (kalkfeltspat, CaAl2Si2O8). Serien vart tidlegare delt inn etter innhaldet av albitt/anortitt i seks ledd: albitt, oligoklas, andesin, labradoritt, bytownitt og anortitt. Ved høg temperatur er det er det fullt mogeleg å blande mellom dei to endeledda, men ved lågare temperatur kan det skje ei avblanding i to fasar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]